LU302NOR07 Norsk 302: Språk (Vår 2008)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet inngår i Norsk 3 (obligatorisk).

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

Studieeininga Norsk 3 krev Norsk 1 + 2 eller tilsvarande. Ein kan ta Norsk 3 samstundes med Norsk 2, men ein vil ikkje få utskrift av karakterane frå Norsk 3 før ein har bestått Norsk 2.

Undervisningssemester

Vårsemesteret

Innhold

Norsk 302 er eitt språkleg emne som er bygd opp av tre delar:

  • studium av språkteori og metode
  • temastudium i språk
  • ei individuell, sjølvvald oppgåve i språk. Innhaldet i denne oppgåva skal normalt vere knytt til innhaldet i det språklege temastudiet.

Det faglege innhaldet i denne modulen vil kunne variere frå studieår til studieår.

Undervisnings- og læringsformer

Eigen aktivitet frå studentane si side står i fokus, og lærarane ved studiet fungerer som rettleiarar og rådgjevarar. Men studentane vil òg møte nytt fagstoff gjennom meir tradisjonell undervisning.

Studentane skal i løpet av studiet skrive ei semesteroppgåve i form av ein fagartikkel på om lag 20 sider. Oppgåva skal leverast ved slutten av semesteret og fungerer som eksamenssvar. Studentane skal ha minst to obligatoriske rettleiingar av faglærar i samband med oppgåveskrivinga, og faglærar skal godkjenne temaet for oppgåva.

Praksis

For allmennlærarstudentar gjeld eigen praksisplan. Andre studentar skal ikkje ha praksis.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

For å kunne framstille seg til eksamen må ein ha hatt minst to rettleiingar hos faglærar.

Eksamen

Eksamen består av to delar:

a) Semesteroppgåve.

Semesteroppgåva skal ha form som ein fagartikkel  

Formelle krav: Semesteroppgåva skal ha eit omfang på ca 20 sider med skriftstorleik 12 punkt (tilsvarande fonten Times New Roman eller liknande), linjeavstand 1½. Målforma er valfri, men kandidaten må bruke ulike målformer på eksamen i Norsk 301 og 302. Emnet for fagartikkelen skal vere knytt til eitt av emneområda i Norsk 301.

b) Munnleg prøve.

Prøva er på totalt ca. 45 minutt inkludert karakterfastsetjing og tilbakemelding.

Ved eksaminasjonen kan kandidaten bli prøvd i alle delar av pensum i tillegg til innhaldet i semesteroppgåva.


Prøvene blir vurderte av ein ekstern og ein intern sensor. Ved vurderinga vil det i tillegg til det faglege innhaldet òg bli lagt vekt på kvaliteten på den språklege dugleiken.

Det blir sett separate bokstavkarakterar på prestasjonane på dei to prøvene, og den endelege karakteren i emnet blir rekna ut etter ein tabell. Dei to prøvene er jambyrdige i vektinga.

Litteratur

Pensumet varierer frå år til år, og pensumlista vil liggje føre ved studiestart.
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:46:29