LU202NOR07 Norsk 202: Litteratur (Vår 2008)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet inngår i studieeininga Norsk 2 (30 studiepoeng) og Årsstudium i Norsk (60 studiepoeng).

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

Studieeininga Norsk 2 krev forkunnskapar som svarer til Norsk 1. Ein kan ta Norsk 2 samstundes med Norsk 1, men ein vil ikkje få utskrift av karakterane frå Norsk 2 før ein har bestått Norsk 1.

Undervisningssemester

Vårsemesteret

Innhold

  • litteratur- og teksthistorie
  • litteraturdidaktikk
  • litteratur- og tekstteori
  • lesestimulering

Undervisnings- og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar for heile kullet, arbeid i kollokviegrupper, sjølvstendig arbeid der ein får rettleiing av ein faglærar og gjennom sjølvstudium. Undervisningstilbodet vil ikkje kunne dekke alle delane av pensum, og studentane må derfor også arbeide med fagstoff på eiga hand.

Praksis

Jf. avsnittet "Tilhøvet mellom teori og praksis" i generell del av studieplanen

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  • Studentane skal skrive ein fagartikkel på om lag 8 sider. Teksten blir vurdert internt og må vere godkjent for å få gå opp til eksamen. Målforma er valfri, men ein må bruke ei anna målform enn den ein brukte i artikkelen på emnet Norsk 201 - Språk.
  • Sjølvvalt pensumliste må leverast for godkjenning hos faglærar innan angitt frist. Krav til omfang går fram av litteraturlista i denne emneskildringa.

Studentar som ikkje har obligatorisk praksis skal i tillegg levere eit fagdidaktisk/praksisretta prosjektarbeid i samråd med faglærar. Prosjektet skal ha eit omfang som tilsvarer minst ei vekes konsentrert arbeid.

Eksamen

8 timars individuell skriftleg eksamen.

Målforma er valfri, men kandidaten må bruke ulike målformer på Norsk 201 og 202.
Tillatne hjelpemiddel: Gjeldande læreplan, samt ordbok eller ordliste i den målforma studenten har valt.

Prøva vil bli vurdert av ein ekstern og ein intern sensor etter ein karakterskala frå A til F.

Ved vurderinga vil det i tillegg til det faglege innhaldet òg bli lagt vekt på kvaliteten på den språklege dugleiken.

Litteratur

Andersen, Per Thomas: Norsk litteraturhistorie, Universitetsforlaget 2001 eller seinare (eller ei anna av tilsvarande eller større omfang)

Vinje, Eiliv: Tekst og tolking. Ad Notam 1993 eller seinare (eller ei anna litteraturteoretisk innføring av tilsvarande omfang).

Skjønnlitteratur - sjølvvalt pensum skal bestå av:

  • Ei islendingesoge i omsetjing
  • Eit Edda-kvad
  • Ein middelalderballade
  • Ca. 60 sider prosatekstar frå 1500-1800
  • 10 dikt og/eller salmar frå 1500-1800
  • Ein komedie av Holberg
  • Ca. 100 sider tekstar frå romantikken
  • Ei bondeforteljing av Bjørnson
  • Eit drama av Ibsen frå perioden etter 1877
  • Ein roman av Jonas Lie
  • Ein roman av Amalie Skram
  • Ei samling noveller av Alexander Kielland
  • Ein roman av Knut Hamsun (frå tida før 1900)
  • Eit drama av Strindberg
  • Eit dansk verk frå tida før 1900
  • Ca. 20 sider prosa av A. O. Vinje
  • Ca. 50 sider prosa av Arne Garborg
  • Ca. 30 dikt frå 1800-talet
  • Ein roman av Olav Duun
  • Ein roman av Dag Solstad
  • Eit svensk verk frå 1900-talet
  • Eit dansk verk frå 1900-talet
  • Ca. 120 sider kortprosa frå 1900-talet
  • Ca. 30 enkeltdikt frå 1900-talet
  • Fordjuping i eit lyrisk forfattarskap frå 1900-talet
  • Eitt verk frå 2000-talet

 

 

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 02:45:07