LU201NOR07 Norsk 201: Språk (Høst 2007)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet inngår i studieeininga Norsk 2 (30 studiepoeng) og Årsstudium i Norsk (60 studiepoeng).

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

Studieeininga Norsk 2 krev forkunnskapar som svarer til Norsk 1. Ein kan ta Norsk 2 samstundes med Norsk 1, men ein vil ikkje få utskrift av karakterane frå Norsk 2 før ein har bestått Norsk 1.

Undervisningssemester

Haustsemesteret

Innhold

  • hypertekster
  • multimodale tekster
  • nabospråk
  • norrønt
  • språkdidaktiske emne
  • språkhistorie
  • språksosiologi
  • talemål

Undervisnings- og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar for heile kullet, arbeid i kollokviegrupper, sjølvstendig arbeid der ein får rettleiing av ein faglærar og gjennom sjølvstudium. Undervisningstilbodet vil ikkje kunne dekke alle delane av pensum, og studentane må derfor også arbeide med fagstoff på eiga hand.

Praksis

Jf. avsnittet "Tilhøvet mellom teori og praksis" i generell del av studieplanen

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Studentane skal skrive ein fagartikkel på om lag 8 sider. Teksten blir vurdert av fagansvarlig og må vere godkjent før studentane kan framstilla seg til eksamen. Målforma er valfri, men ein må bruke ei anna målform enn den ein vil bruke i artikkelen som skal skrivast i emnet Norsk 202 - Litteratur.

Studentar som ikkje har obligatorisk praksis skal i tillegg levere eit fagdidaktisk/praksisretta prosjektarbeid i samråd med faglærar. Prosjektet skal ha eit omfang som tilsvarer minst ei vekes konsentrert arbeid.

Eksamen

8 timars individuell skriftleg eksamen.

Målforma er valfri, men kandidaten må bruke ulike målformer på Norsk 201 og 202.
Tillatne hjelpemiddel: gjeldande læreplan og norrøn ordbok, samt ordbok eller ordliste i den målforma studenten har valt.

Prøva vil bli vurdert av ein intern og ein ekstern sensor etter ein karakterskala frå A til F.

Ved vurderinga vil det i tillegg til det faglege innhaldet òg bli lagt vekt på kvaliteten på den språklege dugleiken.

Litteratur

Målførekunnskap:
Eric Papazian; Botolv Helleland: Norsk talemål - lokal og sosial variasjon. Høyskoleforlaget 2005

Norrønt:
Terje Spurkland: Innføring i norrønt språk. Universitetsforlaget 1989

Norrøn ordbok

Språkhistorie:
Hildegunn Otnes og Bente Aamotsbakken: Tekst i tid & rom. Samlaget 2006

Sosiolingvistikk:
Brit Mæhlum m.fl.: Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Cappelen akademisk 2003

Nabospråk:
Per Mårtenson m.fl.: Svenska för norrmän. Ad Notam Gyldendal 1998

Jens Cramer og Peter Kirkegaard:  Dansk sproglære for nordmænd. Ad Notam Gyldendal 1996

Teori om multimodale tekstar:
Kompendium frå seksjonen

Tekstprøver:
Ca 25 sider språkhistoriske tekstprøver (kompendium frå seksjonen)

12 målprøver (kompendium frå seksjonen)

15 sider norrøn tekst i original språkdrakt (kompendium frå seksjonen)

Språkdidaktiske emne:
Harald Nilsen: 'Hva sier sensor? Sensorkommentarer om tekstualitet'. I Berge m.fl. (red.): Ungdommers skrivekompetanse. Bind 1 s 115 - 160. Universitetsforlaget 2006

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 02:44:54