LA301NOR Norsk 301: Litteratur (Høst 2007)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram


Dette er eitt av to emne på Norsk 3

Forkunnskapskrav utover opptakskrav


Studieeininga Norsk 3 byggjer på Norsk 1 + 2 eller tilsvarande.
Ein kan ta Norsk 3 samstundes med Norsk 2, men ein vil ikkje få
utskrift av vitnemål frå Norsk 3 før ein har bestått Norsk 2.

Undervisningssemester


Haustsemesteret

Innhold


Norsk 301 er ein litterær modul som er bygd opp av tre delar:

  1. studium av litteraturvitskapeleg teori og metode
  2. emnestudium i litteratur
  3. individuell, sjølvvald oppgåve i litteratur. Innhaldet i denne
    oppgåva skal normaltvere knytt til innhaldet i det litterære emnestudiet.

Det faglege innhaldet i denne modulen vil kunne variere frå studieår til studieår.
For studieåret 2006-07 vil dette vere "Henrik Ibsens forfattarskap".

Undervisnings- og læringsformer


Studiet er i stor grad organisert etter prosessorienterte og prosjektbaserte prinsipp.
Eigen aktivitet frå studentane si side står i fokus, og lærarane ved studiet fungerer
som rettleiarar og rådgjevarar. Men studentane vil også møte nytt fagstoff gjennom
meir tradisjonell undervisning.

Praksis


a) Forholdet mellom teori og praksis (forholdet mellom komponentene)
For allmennlærarstudentar gjeld eigen praksisplan.

b) Praksisdelens varighet og hvor i studiet den er plassert (ev hvordan teori og praksis er integrert)
Jf. praksisplanen for allmennlærarutdanninga.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen


For å kunne framstille seg til eksamen må ein:
  1. få godkjent emnet for fagoppgåva innan dei fastsette fristane
  2. levere fagoppgåva til rett tid, og ein må også ha teke imot den rettleiinga
    som høyrer med til arbeidet med oppgåva
  3. levere og få godkjent pensumlista innan dei fastsette fristane Dei eksakte
    datoane for desse ulike fristane vil bli kunngjort ved semesterstart.

Eksamen


Eksamen på Norsk 301 består av to delar:

a) Ei individuelle fagoppgåve med eit omfang på ca 20 sider med skriftstorleik
12 punkt, linjeavstand 1½. Målforma er valfri, men kandidaten må bruke ulike målformer
på Norsk 301 og 302.

b) Munnleg prøve.
Ved eksaminasjonen kan kandidaten bli prøvd i alle delar av pensum,
i tillegg til innhaldet i fagoppgåva.

Den samla prestasjonen på den skriflege oppgåva og den munnlege prøva blir vurdert
av ein intern og ein ekstern sensor ut frå karakterskalaen A-F. I vurderinga vil ein leggje
vekt på både det faglege innhaldet og den språklege framstillinga, og dersom kvaliteten
på språkleg framstilling eller fagleg innhald ikkje er over eit minstemål, vil prestasjonen
bli vurdert til F.

Litteratur


Kandidatane skal setje saman ei individuelt pensum.
Kriteria for denne lista vil bli presentert ved studiestart.
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:46:04