ITM20406 Medievitenskap (Høst 2008)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
10
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for informasjonsteknologi
Emneansvarlig:
Christian Fredrik Heide
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk og inngår i bachelor i digital medieproduksjon.

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

 

Undervisningssemester

3. semester (haust).

4 timar førelesingar per veke.

Innhold

Innføring i medievitskap og sentrale omgrep og teoriar knytt til faget. Emnet gjev ei innføring i mediehistorie. Dette er historia om korleis dei tradisjonelle mediene som avis, radio, fjernsyn, film og musikk har utvikla seg, men også om korleis desse mediene i dei seinere åra har smelta saman i nye medier. Emnet legg også vekt på kjønn og media, offentlegheit og demokrati, samt mediebruk og påverknad. Gjennom ei obligatorisk oppgåve er målet å trene studentane i akademisk oppgåveskriving.

Undervisnings- og læringsformer

Seminar, førelesingar, sjølvstudium, obligatorisk oppgåve og gruppearbeid.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Ei innleveringsoppgåve. Oppgåva skal vere på minimum 1500 ord og maksimum 2000 ord med ein linjeavstand på 1,5, og med 12 punkt skrift.

Det vert gitt éin ny innleveringsfrist dersom ein ikkje får godkjent oppgåva ved første innlevering. Det vert berre gitt kommentarar på første innlevering. Studentane er sjølv ansvarlege for at innleveringa skjer på rett måte og til rett tid.
Arbeidskravet skal vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Det er studentane sitt ansvar å sjå til at dei har fylt arbeidskravet før eksamen.

Eksamen

Skriftleg eksamen 
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell 4-timars skriftleg eksamen. Det vert gjeve bokstavkarakter etter skala A - F.

Litteratur

  • Gripsrud, Jostein 2002: "Offentlighet og demokrati: idealer og realiteter" i Mediekultur - mediesamfunn. Universitetsforlaget 2.utgave. s. 231 - 268
  • Hagen, Ingunn 1998: Medias publikum: frå mottakar til publikum? Ad Notam Gyldendal. Kap. 3 - 4
  • Halse, Ketil Jarl og Helge Østbye 2003: Norsk kringkastningshistorie. Oslo
  • Hanche, Øivind, Gunnar Iversen og Nils Klevjar Aas 2004: "Bedre enn sitt rykte" En liten norsk filmhistorie. Norsk filminstitutt, 104 s
  • Mathiesen, Thomas 2002: Makt og medier. Pax forlag s. 17 - 247
  • Ottosen, Rune, Helge Østbye og Lars Røssland 2002: Norsk pressehistorie. Samlaget
  • Østby, Helge og Ture Schwebs 2007: Media i samfunnet. Samlaget 5. utgave
  • Halas, John 1987: Masters of Animation. London s. 12 - 54
  • Strøm, Gunnar: Musikkvideo, Oslo 1989, s. 7-86

I tillegg lages ett kompendium som ville være klart til studiestart.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:44:06