Skal søkje om felles doktorgrad innan kunstnarisk utviklingsarbeid

Den 9. mars vart det fatta eit viktig vedtak i HiØ-styret: Søknaden om akkreditering av felles ph.d.-program i kunstnarisk utviklingsarbeid i utøvande og skapande kunst skal sendast til NOKUT innan fristen 1. mai. 

Arkivfoto: Tredjeklassestudentane i skodespel og scenografi ved Akademi for scenekunst presenterer i samarbeid med Øystein Elle/Capto Musicae eit nyutvikla; STUFFED CAMEL, ein teatersonate. Foto: HiØ.

– Dette er eit felles prosjekt mellom dei tre involverte partane Høgskolen i Innlandet, UiT  Noregs arktiske universitet og Høgskolen i Østfold, fortel prorektor for Forsking og formidling Kristi Grønvold Bache. 

Prorektor for forskning og formidling ved HiØ; Kristi G. Bache.

Og legg til:

– Innsending fordrar sjølvsagt også vedtak i dei to andre styra, men vi tek oss likevel tid til å stoppe opp og tenkje på kor viktig dette er for oss internt, men også for korleis dette bidreg til samhandlinga mellom dei tre institusjonane. 

– Saman vil vi skape eit tilbod og ein arena for vidare utvikling av kunstnarisk utviklingsarbeid som vil bidra til og mogleggjere brei deltaking både nasjonalt og internasjonalt, seier Bache.

Les også:

Av Nina Fredheim
Publisert 9. mars 2023 13:05 - Sist endret 13. des. 2023 12:41