Studentane organiserte profesjonsdag: BLU og GLU slo av ein sofaprat med PPT og barnevernstenesta

Kven er laget rundt barna og elevane i barnehage og skule, og kva bør studentar vite om samarbeidsinstansane de kjem til å møte i kvardagen som pedagogar? Dette vart tema då studentane i BLU og GLU initierte, planla og organiserte ein felles profesjonsdag ein vårdag i april.

Deltakarane på sofapraten.

Programleiarduoen Asborg Christiansen (GLU-student. f.v) og Camilla Gitlestad (BLU-student) gjennomførte sofaprate med Marianne Erthe Olsen og Trude Myhre-Nielsen frå PPT. Foto: Cecilie Olandersson.

Samen med Therese Borgland (lærarutdannar i BLU) og Cecilie Olandersson (lærarutdannar i GLU) planla BLU- og GLU-studentane for ein felles profesjonsdag i utdanningane. Dei inviterte samarbeidsinstansane Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og Barneverntenesta til ein sofaprat, med fleire enn 100 studentar som publikum. Student Asborg Christiansen, som går tredje året på GLU, har vore med i planlegginga heilt sidan ideen om profesjonsdagen kom i haust.

"Det har vore ein unik sjanse å få vere med frå start og vere studentane si stemme i planlegginga, da dette var noko studentane sjølv ønska. Dette er våre samarbeidspartnarar i framtida, og det å få prate med tenestene på ein annleis måte er med på å trygge oss studentar. Eg tenkjer óg at det gjer det mindre skummelt å ta kontakt når det trengs."

Asborg Christiansen, student på 3. trinn i GLU

Unik profesjonsdag

Profesjonsdagen er unik på mange måtar. Ikkje berre er den initiert av studentane sjølv, men den er óg eit samarbeid på tvers av lærarutdanningane BLU og GLU. Derfor vart det lagt opp til at studentane jobba i grupper på tvers av utdanningane, for også å sjå nytta i samarbeidet seg imellom.

Studentane var veldig fornøgde med dagen. Både opplegget, og det å jobbe i blanda grupper. Dette må vi absolutt gjere igjen! meiner entusiastiske Borgland, som óg har vore med i planlegginga. Ho får støtte av Christiansen:

- Det har vore fint å jobbe saman på tvers av BLU og GLU. Dette er menneske vi kan samarbeide med, spesielt om ein skal ta over ei ny førsteklasse. Eg trur vi har mykje å lære av kvarandre.

Samarbeid med lokale tenester

Både PPT og barneverntenesta var eintydig positive til å bidra med sin kompetanse i studentanes sofaprat, sjølv om omgrepet «sofaprat» var litt ullent. Jonas Karlsen og Jeanette Lauritzen jobbar i barneverntenesta i Halden. Dei er glade for at studentane arrangerte ein slik profesjonsdag, fordi det synleggjer behovet og kor viktig det er å ha eit godt tverrfagleg samarbeid.

"Det er med stort ansvar og vi er audmjuke når vi stillar opp og får lov til å formidle til nysgjerrige og engasjerte studentar. Vi set samarbeid med skule og barnehage høgt i arbeidet med barn, unge og familiane deira."

Jonas Karlsen og Jeanette Lauritzen, Barneverntenesta i Halden

Trude Myhre-Nielsen og Marianne Erthe Olsen stilte opp frå PPT Halden. Dei er òg takknemlege for å få vera med på sofapraten:

- Vi tenkjer det er fint å kome og fortelja om kven vi er og kva vi gjer, for det er ikkje so mange arenaer der dette er mogeleg for PPT. Vi likte at stemninga var avslappa og positiv – det passa oss godt!

I tillegg til student Asborg Christiansen, bidrog BLU-studentane Camilla Gitlestad og Line Marie Høvik. Også barneskulelærar Anne-Lene Glomsrød og ungdomsskolelærar Åsa Torstensson deltok i gjennomføringa av dagen, saman med høgskulelektorane Therese Borgland og Cecilie Olandersson.


Aktuelle lenker: 

 

Emneord: profesjonsdag, PPT, barnevern, samarbeid GLU og BLU Av Cecilie Olandersson
Publisert 28. apr. 2023 11:29 - Sist endret 28. apr. 2023 11:37