Grunnskulelærarstudentar som brubyggjarar i samfunnet

I ei tid kor samfunnet krev stadig meir av elevane våre, utforskar studentane på grunnskulelærautdanningane korleis tverrsektorielt samarbeid og skapande læringsmiljø kan inspirere til nytenking og innovasjon.

Rekonstruksjon Utøya. Kilde: Rekonstruksjonutoya.no

Dette gjer studentane gjennom samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken og Ungt Entreprenørskap. Studentane prøver ut nye roller som brubyggjarar mellom klasserommet og samfunnet utanfor, noko som er eit viktig bidrag til å ruste elevane for ei fremtid i stadig endring. Studentane på begge grunnskulelærarutdanningane er med på opplegget; både for 1-7 trinn på for 5-10 trinn.

Tverrsektorielt samarbeid på timeplanen

I dagens samfunn er det nødvendig at lærarar kan byggje bruer mellom skulen og samfunnet, og studentane i grunnskulelærarutdanningane ved Høgskolen i Østfold tek dette ansvaret på alvor. Gjennom tverrsektorielt samarbeid med eksterne partnarar som Den kulturelle skulesekken (DKS) og Ungt Entreprenørskap, legg dei grunnlaget for ein framtidig generasjon som er betre rusta til å møta utfordringane og moglegheitene i samfunnet. Det heile skjer som del av kurset "Tverrsektorielt samarbeid i skulen - entreprenørskap, kultur og skapande prosessar". Kurset er obligatorisk i dei femårige grunnskulelærarutdanningane; for trinn 1-7 og trinn 5-10, og har et omfang på 60 timar (10 dagar).

Kurset er utvikla av Kristine Høeg Karlsen, Gunhild Brænne Bjørnstad og Magne Skibsted Jensen, i kjølvatnet av tilslaget på pARTiciPED-prosjektet, finansiert av Noregs Forskingsråd. Grunnlaget for kurset er den lange erfaringa dei tre har med å samarbeide med eksterne aktørar i grunnskulelærarutdanningane. Dei ansvarlege for kurset er Magne Skibsted Jensen og Gunhild Brænne Bjørnstad.

"Samarbeidet mellom skulesektoren og eksterne aktørar er ein vinn-vinn-situasjon. Saman kan vi byggje bru mellom klasserommet og samfunnet og gi elevane våre ei utdanning som verkeleg førebur dei på framtida."

Kristine Høeg Karlsen

Utfordringa sit mest i ‘hovudet'

Startskuddet for kurset var ein paneldebatt som fann stad tysdag 5. september. Debatten samla representantar frå ulike felt og vart leia av Kristine Høeg Karlsen. I tillegg til representantar frå Den kulturelle skolesekken og Ungt Entreprenørskap, deltok ein politikar, ein lærar, ein rektor, ein dansekunstnar og ein forskar. Diskusjonen kretsa kring utfordringane knytt til tverrsektorielt samarbeid i skule og lærarutdanning, og kva som skal til for å styrkje dette samarbeidet.

Kathrine Tallis frå Ungt Entreprenørskap understreka viktigheita av haldningar og mentalitet, og peika på at utfordringane - dei sit i hovudet. Johannes Hafnor, leiar for produksjonseininga i DKS Viken, framheva kunsten og kulturen sin betydning i skulen og korleis DKS bidrar til å utvikle empati hos elevane. Anita Gundrosen, rektor ved Gimle skule, gjorde reie for korleis DKS og liknande program kan bidra til å jamna ut sosiale forskjellar i skulen og gje elevane unike opplevingar. Kari Holdhus som forskar på DKS, argumenterte for styrkinga av lærarutdanningane, og framheva Høgskolen i Østfold som eit godt døme på korleis framtidige lærarar kan styrkjast i slike partnarskap. Politikar Fredrik Holm tok seg ein pause frå valkampen for å fortelje om korleis arbeid med eksterne partnarar i skulen kan opne for danning og tverrfagleg djupn, medan dansekunstnar Sverre Magnus Heidelberg understreka betydninga av å inspirere barn og unge til å sjå på kunst og kultur som potensielle arenaer for arbeid.

Paneldebatt. Frå venstre: Anita Gundrosen, Kari Holdhus, Fredrik Holm, Kathrine Tallis, Johannes Hafnor, Anne-Lene Løvig Glomsrød og Sverre Magnus Heidelberg. Foto: Kristine Høeg Karlsen

Opplæring i entreprenørskap

Som del av opplegget i entreprenørskap gjev Ungt Entreprenørskap lærarstudentane opplæring i ulike program, som Lokalsamfunnet vårt, SMART (1-7), Innovasjonscamp og Elevbedrift (5-10).

Desse programma gjennomfører studentane for elevar på barne- og ungdomstrinnet i løpet av to dagar med praksis på hausten. Opplæringen i Entreprenørskap blir avslutta på våren, der studentane er med å arrangere ein av fylkesfinalane Smartingen eller Elevbedrift, der studentane óg sit i juryen. På Smartingen har studentane på  grunnskulelærarutdanningane mellom anna ansvaret for utdelinga av prisen til studenten.

Rekonstruksjon Utøya

Studentane skal også leggje til rette for ein DKS-produksjon som ein del av praksisen sin i skulen våren 2024. Ein av produksjonane er dokumentaren «Rekonstruksjon Utøya», som viser korleis fire overlevande makta å snu terror til håp. Studentane som skal i praksis på ungdomskulen skal i starten av opplegget forbu elevane på filmen og eit møte med regissøren. Etter at dei har sett filmen saman med elevena og møtt regissøren, skal dei reflektere kring opplevinga saman med elevane. Studentane som skal i praksis på mellomtrinnet skal arbeide med filmen «Tomboy» som tek for seg spørsmål knytt til kjønnsidentitet, og som opnar for spennande undervisning på tvers av fag.

Vinn-vinn-situasjon

Karlsen, Bjørnstad og Jensen er svært nøgd med samarbeidet med Den Kulturelle Skolesekken og Ungt Entreprenørskap og gledar seg til fortsetjinga utover hausten.

- Samarbeidet mellom skulesektoren og eksterne aktørar er ein vinn-vinn-situasjon. Saman kan vi byggje bru mellom klasserommet og samfunnet og gi elevane våre ei utdanning som verkeleg førebur dei på framtida, seier Kristine Høeg Karlsen. 


Les mer: 

Av Kristine Høeg Karlsen og Irene Felde Olaussen
Publisert 19. sep. 2023 14:25 - Sist endret 19. sep. 2023 14:25