– Litt skummelt, men veldig lærerikt!

Det var studentar, faglærarar og personalet i barnehagar samde om etter ein dag der dei utforska kva potensial simulering kan ha og potensialet simulering kan gje som pedagogisk metode i ein barnehagekontekst.

Biletet viser ei gruppe studentar, fagansatte og ansatte i barnehagar, som har vore med i prosjektet.

Studentar, faglærarar og praksisfelt er klare til simulering. Foto: Privat

Av Beate Lund, leder for Lærerutdanningsbarnehager 2025 og rådgjevar Irene Felde Olaussen.

To kvelder i februar var Lærerutdanningsbarnehager 2025 (LUB) på SimFredrikstad for å gje kvarandre gode ved å bruke simulering som pedagogisk metode.

I utviklingsprosjektet Lærerutdanningsbarnehager 2025 (LUB) blir det undersøkt kva likeverdig partnarskap mellom barnehagar og høgskular kan vere, og kva det likeverdige partnerskapet kan bli. Våren 2023 er vi i gang med eit spennande prosjekt.

Saman med studentar, faglærarar og personalet i barnehagar, utforskar vi kva potensial simulering kan ha og potensialet simulering kan gje som pedagogisk metode i ein barnehagekontekst. Målet er å gjere kvarandre gode, og øve på kommunikasjon i utfordrande situasjonar som kan skje i kvardagen i barnehagen.

I samarbeid med Inger Hjelmeland, som er koordinator for SimFredrikstad, og fem dyktige markører, har LUB gjennomført to kveldar med simuleringer. Tema for casane i simuleringane har vore utvikling av kultur for tilbakemelding i barnehagen, med utgangspunkt i problemstillinga:

Korleis gje profesjonelle tilbakemeldingar på noko som er sett eller høyrt i barnehagen, der sterke kjensler er involvert?

I simuleringane har det vore fokus på å øve seg i å handtere kjensler og gje ei profesjonell tilbakemelding i her-og-no-situasjonar i barnehagen. Det er mange spennande roller i simuleringane, og personalet i barnehagane har rullert i rollene som aktør, tilretteleggjar, tidtakar og observatør.

Biletet viser ei sitjegruppe med eit bord i midten. I bakgrunnen er eit vindauge med innsyn frå eit tilstøtande rom.
Klargjort for simulering av case om å setje grenser. Foto: Privat.

Positive tilbakemeldingar på opplegget

Etter fullførte simuleringar er tilbakemeldingane frå studentane og personalet i barnehagene gode. Dei seier at dei har vore veldig spente på førehand, men at det har vore veldig lærerikt. Dei vil gjerne ha fleire simuleringar, og seier at alle rollene i simuleringane legg til rette for å utvikle eigen kompetanse.

Biletet viser ein sofa med ei dukke på midten. Bak sofaen er et stort vindauge, med innsyn frå eit tilstøtande rom.
Klargjort for case: Krangling i heimen. Foto: Privat.
Biletet viser ei gruppe studentar, fagansatte og ansatte i barnehagar, som var med på andre dag av simulering.
Deltakarane på den andre dagen med simulering. Foto: Privat.

Les meir:

Av Beate Lund og Irene Felde Olaussen
Publisert 10. mars 2023 09:30 - Sist endret 10. mars 2023 10:42