- Vi ønskjer å byggje opp lærarprofesjonen og gjere den attraktiv saman!

Praten tok ei profesjonsretta retning da utviklingsprosjektet KUPP inviterte til paneldebatt om spenningar, utfordringar og gleder i partnarskap. 

Paneldebatt: Marte Richvoldsen, Espen S. Knudsen, Marie Laupsa, Hege Sennerud, Nicolai Aas og Monica Nordbakke deltok i paneldebatt om partnarskap. Paneldebatten vart leidd av Sigrun Staal.

Foto: Cecilie Olandersson

I panelet satt ein grunnskulelærar, ein barnehagepedagog / prosjektkoordinator, ein skuleeigar, prosjektleiar for KUPP frå HiØ, og to faglege tilsette frå HiØ; ei frå barnehagelærarutdanninga og ei frå grunnskulelærarutdanninga. 

Så nær klasseromma som mogeleg

- Vi må så nær klasseromma som mogeleg, opna førstelektor Monica Nordbakke. Ho har jobba med ein skule i eit partnarskap i fire år, og kunne fortelje om engasjerte lærarar som hadde bytt ut den tradisjonelle matematikkundervisninga med eit kjøpesenter der elevane oppretta eigne butikkar, berekna innkjøpspris og utsalspris mm. Nordbakke har arbeidd ilag med lærarane om endringane i læreplanen frå 2020, og ho kan no gle seg over positive verknadar i klasseromma. I partnarskapet har lærarane sine utfordringar vore grunnlaget for utviklinga.

– Det å lykkast med partnarskap forutset at vi brukar tid på å prate saman om kva partnarskapet er, og at vi verdset dei ulike rollane. Vi må vere nysgjerrig på kvarandre – og vi er jo alle der for å lære. 

Hege Sennerud, fagtilsett ved barnehagelærarutdanninga ved HiØ

Prosjektleiar for Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, Marie Laupsa, støttar ei samarbeidsform der kommunar, barnehagar og skular får hjelp til å rydde plass til og holde fast i utviklingsprosjekta sine, noko som betyr å sortere kva som er viktig og ikkje. – Vi må hugse at vi er i profesjonelle relasjonar, og vi må tole å vere ueinige for å bygge ned nokre barrierar, meiner ho. Pedagog frå barnehage, Marte Richvoldsen, snakkar varmt om dei lågare barrierane. – Det å bli invitert inn til høgskulen for å bidra, er óg utroleg viktig. Eg ser kva det gjer med folk. Disse erfaringane gjer at vi kan snakke positivt om kvarandre, påpeker ho.

Pedagoger drøftar prinsippar.
Cafévandring: Barneskulelærar Anne Lene Glomsrød, ungdomsskulelærar Patrick Myhrvang, grunnskulelærarstudent Emilie Bergby Amundrød og førstelektor Monica Nordbakke drøfta utfordringar og gleder i partnarskap. Foto: Sigrun Staal

Richvoldsen har arbeidd som prosjektkoordinator i ein kommune, der ho har vore ein del av partnarskapet med høgskulen og barnehagar. – Kontinuitet er viktig for å få til endringar og det forutset at ein er saman over tid. Ei utfordring har vore når nøkkelpersonar til dømes har bytt jobb og nye personar har kome til, uttrykker Richvoldsen. Høgskulelektor Hege Sennerud meiner utskiftningar óg kan vere positivt: - Det er bra med stabilitet og at ein person kjenner partnarskapet godt, men det kan óg vere godt med eit friskt pust, fortel ho.

Samarbeid over lenger tid er sentralt

Skuleeigar Nicolai Aas støttar at det er kontinuitet i samarbeidet mellom høgskulen og skulen / barnehagen. – Samarbeida bør vare to-tre år, meiner han, og rettar fokuset vidare på bevisstgjering i partnarskapet. – Det er viktig at alle lærarane i skulen har kunnskap om kvifor høgskulen er der, og at dei tilsette ved skulen ser seg sjølv i samarbeidet, seier han. Grunnskulelærar Espen Syvderud Knudsen opplever at det er vanskeleg å gå til akkurat dette. – Eg har ei oppleving av at mange lærarar ikkje har eit eigarskap til partnarskapa. Men då eg og ei lita gruppe frå kollegiet vart invitert inn i eit forskningsprosjekt som hadde utspring frå partnarskapet, kjente vi alle på eigarskapet og vi lærte veldig mykje. Eg opplevde at vi hadde eit anna forhold til høgskulen enn dei andre kollegaene våre, fortel Knudsen.

Korleis framsnakke og verdsette kvarandre

- Korleis kan vi framsnakke barnehagane og skulane våre? spør skuleeigar Aas. - Vi er avhengig av samarbeid med høgskulen, og vi er avhengig av at leiarane tar eigarskap, slik at vi lykkast. Vi ønsker å bygge opp lærarprofesjonen og gjere den attraktiv ilag, seier han.

– Det forutset at vi brukar tid på å prate saman om kva partnarskapet er, og at vi verdset dei ulike rollane. Vi må vere nysgjerrig på kvarandre – og vi er jo alle der for å lære, avsluttar Sennerud.

I etterkant av paneldebatten deltok deltakarane i paneldebatten og publikum frå KUPP på ei cafévandring, der dei drøfta prinsipp for partnarskap. 

Emneord: KUPP, kunnskapsmegling, partnerskap, partnarskap Av Cecilie Olandersson
Publisert 12. okt. 2023 10:35 - Sist endret 13. nov. 2023 11:02