Kan ein gild presentasjon stå i vegen for innhaldet?

STEMME: Josef Thingnes, prosjektleiar  DigiLU, HiØ

Vi hadde onsdag den 29. august vår 3. samling i kompetansehevingsprosjektet DigiLU. Vi hadde denne samlinga på vitensenteret Inspiria i Sarpsborg, ein institusjon vi på lærarutdanninga samarbeider tett med i fag som matematikk, naturfag og pedagogikk. Inspiria sto for opplegget på føremiddagen der vi fekk prøve oss på ulike måtar å undervise programmering i grunnskulen. På ettermiddagen tok vi fatt på haustens tema som er digitale samansette tekstar. Vi avslutta dagen med eit føredrag av Anne Marit Godal om hennar jobb med å digitalisere Store Norske Leksikon (SNL).

Som informatikar har eg sterke meiningar om programmeringas plass i grunnskulen. Det skal eg ta opp ein anna gong. No vil eg sei litt om det eg fekk med meg om det å gjere sine tekstar relevante i den digitale verda.

Vi som jobbar med lærarutdanning er brennande opptekne av faga våre og formidlinga av desse faga. Føremålet med DigiLU er å sette oss i stand til å vidareutvikle faga og fagformidlinga i det digitale samfunnet. Ein av måtane digitaliseringa i samfunnet påverkar fagformidlinga er den stadig forandrande formidlingsteknologien. Vi har no utstyr til dokumentredigering, lydopptak og videoopptak, og distribuering av desse, tilgjengeleg på skrivebordet. Det er difor viktig at vi lærer oss måtar vi kan bruke desse kraftfulle verktøya. Men like viktig er det å lære oss korleis dei ulike tekstmodalitetane påverkar formidlinga. Dersom vi forstår dette godt, kan vi ta kvalifisert stilling til

  • om ei forklaring av fagstoff på video er eit alternativ til ei forklaring i førelesing,
  • om ei forklaring av fagstoff på video er eit alternativ til læreboka si framstilling,
  • om ei forklaring av fagstoff på video er eit supplement til andre framstillingsformer,
  • om ei forklaring av fagstoff på video er unødvendig,
  • om ei forklaring av fagstoff som ligg på YouTube er god nok eller om eg må lage ein betre sjølv,

og liknande fagdidaktiske avgjerder. Her brukte eg video som eksempel, men liknande fagspesifikke, didaktiske avgjerder lyt vi ta uansett kva det gjeld, frå font-val i Word til det å lage interaktiv 3d-video for VR-briller. Mykje av haustens kompetanseheving går ut på at vi skal lære oss å nytte verktøy, men målet med det er at vi skal forstå korleis nett vårt fag kan dra nytte av å sette saman tekstar på nye måtar med desse verktøya.

For meg var Anne Marit Godal sitt foredrag om SNL si reise frå papir til nett ei god påminning om at desse avgjerdene ikkje alltid er enkle å ta, men at dei ofte er svært viktige.

SNL var det verket ein skulle ha i bokhylla for å ha tilgang på kunnskap i Noreg på 1970, -80 og  -90-talet. Dei tolv binda var dyre, relevante og hadde høgt truverde. Då SNL tok dei første famlande stega inn i den digitale verda tidlet på 2000-talet, fekk dei berre med seg den høge prisen, men mista truverde og relevansen.

Den snuoperasjonen Anne Marit Godal leia (ho tok over som sjefsredaktør i 2011)for å vinne attende truverdet og relevansen til SNL handla om å ta dei rette avgjerdene kring digital formidling av fagstoff, altså nett dei same avgjerdene vi som lærarutdannarar er nøydde til å ta. Desse avgjerdene handla om:

  • Å velje ei teknologisk plattform som dei fagansvarlege kunne bruke
  • Få dei fagansvarlege til å forstå viktigheita av å halde teksten oppdatert og svare på kritikk
  • Løfte fram den strukturen som låg til grunn for organiseringa av produksjonen av papirutgåva som ein logisk måte å leite seg fram til artiklar i nettutgåva
  • Gjere dei fagansvarlege tydelege til stades i artiklane (med namn, bilete og institusjonstilknyting)
  • Å velje vekk (mot velmeinande råd)
    • ei meir fancy framstilling
    • artiklar om meir «ungdommelege tema» som poppartistar

Desse grepa har sett SNL attende på kartet som ein relevant og truverdig kunnskapsformidlar i Noreg. Tenesta er gratis og bruke.

Eg tykkjer det er verdt å merke seg at denne omstillinga er meir ei akademisering enn ei ansiktsløfting. Det er kjeldetilvisinga og ein fagansvarleg med eit ansikt som gir artikkelen truverde ikkje at innhaldet vert formidla i from av ein video.

Vi skal difor lære oss å bruke verktøy for å lage screencast, podcast, omvendt undervising, blogg og andre framstillingsformer, MEN vi skal berre nytt dei når det gir meirverdi i fagformidlinga.

Av Josef Thingnes, prosjektleiar DigiLU, HiØ
Publisert 8. feb. 2019 08:45 - Sist endret 8. feb. 2019 08:45