Eit lærmiddellandskap i endring

I samband med prosjektet Digitalisering i lærerutdanningene (DigiLU) treftes 65 lærarutdannarar frå Høgskolen i Østfold måndag 26. november 2018. Her fekk dei høyre kva forskinga seier om eit læremiddellandskap som i stadig større grad inkluderar digitale ressursar.

Tre personer.

Øystein Gilje frå Universitetet i Oslo med prosjektleiarane for DigiLU, Josef Thingnes og Ilka Nagel på kvar si side. Foto: Marianne Andreassen

Det tradisjonelle læremiddellandskapet med bøker er i endring. Det har og vil kome ulike former for digitale læringsressursar, og det blir viktig å vurdere når ein bruker dei ulike formata av læremiddel.  

Mange forlag har digitale læremiddel som kan brukast som erstatning eller supplement til papirbøker. I tillegg bruker lærarar ulike sortar digitale (og analoge) læringsressursar og dei skaper eigne multimodale læremiddel for å tilpasse og variere undervisinga si med det "lille ekstra”.

Øystein Gilje, fagleg leiar av einiga Forskning, innovasjon og kompetanseutvikling i skolen (FIKS) ved Universitetet i Oslo, arbeider med forsking, innovasjon og kompetanseutvikling i skolen. Han hadde eit spennande foredrag om forsking på digitale læremiddel og sette dagens tema i ein overgripande kontekst. 

Lærerutdannarane fekk informasjon om korleis forlaga som utarbeider læremiddel tenkjer, konsekvensar for innkjøparane (kommunane) og kva konsekvensar nye læremiddel har for biblioteket si rolle. Innkjøparane må prioritere mellom innkjøp av bøker og lisensar og ønskjer å gå over til ein modell der ein kan betale for bruk av læremiddel. Biblioteket står ovanfor noko av dei same utfordringane, og er usikre på korleis dei skal handtere tilgang og lisensar.  

Basert på dei ulike perspektiva diskuterte deltakarane konsekvensar for læringsdesign og læringsutbyte, samt kva læremiddellandskapet betyr for fagfornyinga og djupnelæring i skulen.

Om DigiLU

Digitalisering i lærerutdanningene (DigiLU) er Høgskolen i Østfold sitt største prosjekt finansiert av eksterne midlar - 18 mill kr over perioden 2018 - 2020. Hovudmålet med prosjektet er å få ei gjennomgripande heving av den profesjonsfaglege digitale kompetansen (PfDK) i grunnskulelærerutdanningane. 65 lærarar i grunnskulelærarutdanningane og nesten alle lærarane i dei tre samarbeidsskulane i prosjektet (Os, Hjortsberg og Rødsberg skular) deltar i prosjektet. Alle dagens 400 studentane i grunnskulelærarutdanningane vil nyte godt av prosjektet.

Prosjektleiarar og kontaktpersonar

Av Ilka Nagel, Josef Thingnes
Publisert 3. des. 2018 08:03 - Sist endret 22. sep. 2023 11:08