Høgskulen satsar tungt på språk

I det globaliserte kunnskapssamfunnet treng vi språkkompetanse meir enn nokon gong. Difor satsar Høgskolen i Østfold tungt på eit eige forskingsprogram innanfor utdanning, litteratur og språk.  

Bildet viser barneskoleelever og lærer i arbeid foran tavle i klasserom.

Høgskolen i Østfold satsar på språk i både forsking og undervisning som inkluderer ambisjonen om at høgskolen blir ein nasjonal tilbydar av framandspråk i grunnskolelærarutdanninga. (Illustrasjonsbilete: HiØ)

Høgskolen i Østfold satsar på språk i både forsking og undervisning gjennom det overordna strategiske satsingsområdet Språk i opplæringa. Forskingsprogrammet ELLA – Education, Literature, Language – er ein del av den breiare oppbygde språksatsinga ved HiØ, som inkluderer ambisjonen om at høgskolen blir ein nasjonal tilbydar av framandspråk i grunnskolelærarutdanninga (GLU). 

– I språkfaga har høgskolen eit stort miljø der ulike perspektiv på språk, litteratur og kultur kan møtast og brytast mot kvarandre.
Det fortel professor Ida Larsson ved Institutt for språk, litteratur og kultur.

Forskingsprogrammet ELLA samlar forskarar med ulik bakgrunn og fagleg spesialisering/profil: lingvistar, litteraturvitarar og didaktikarar som jobbar med norsk/nordiske språk, engelsk, fransk, spansk, tysk og andre språk, spesialpedagogar, allmennpedagogar, og småbarnsvitarar.

Mennesket: eit språkvesen

ELLA er eit resultat av at høgskolen i sin plan for perioden 2019-2022 ønskte å etablere Språk i opplæringa som eit strategisk program. Ifølgje Larsson finst det mange grunnar til å satse på språk.

Foto av Ida Larsson
Professor Ida Larsson ved Institutt for språk, litteratur og kultur.

"God kompetanse i både heimespråket og skolespråket er viktig for å lykkast i skolen."
Ida Larsson, professor ved Institutt for språk, litteratur og kultur

 

Språket er grunnleggjande for all innlæring. Det er gjennom språket vi menneske møter verda, lærer om matematikk, biologi, sosiologi, historie og andre fag. I det globaliserte kunnskapssamfunnet treng menneske også god språkkompetanse for å kunne kommunisere gjennom tale og skrift på ulike språk i mange ulike samanhengar og kulturelle kontekstar. Kunnskap om språk gjer innlæringa av nye språk enklare. 

- Ulike typar tekstkunnskap er viktig for at vi skal kunne forstå oss sjølv og omverda, og for at vi skal kunne forhalde oss til all den informasjonen vi møter og kunne delta fullt ut i samfunnet, påpeikar Larsson.

– Det er gledeleg å sjå at ELLA er så godt i gang med fleire spennande prosjekt som vil auke kunnskapen vår om mennesket som språkvesen – i vid forstand. Med den breie tilnærminga til språkforsking er ELLA godt rusta til å bidra til både å løfte fram didaktiske problemstillinger og styrke dei aktuelle vitskaplege fagfelta.
Det seier prodekan for forsking ved fakultet for lærarutdanningar og språk, Øyvind Gjems Fjeldbu.

Han peikar på at Humaniorameldinga og langtidsplanen for forsking òg seier at humaniora er ein underutnytta ressurs i det forskingsmessige arbeidet for å tematisere, forstå og bidra til å løyse samfunnsutfordringar.

Foto av Øyvind Gjems Fjeldbu.
Prodekan for forsking ved fakultet for lærarutdanningar og språk, Øyvind Gjems Fjeldbu.

– ELLA har nettopp ambisjonar om at forskinga skal vere relevant opp imot definerte samfunnsutfordringar. Det blir utruleg spennande å følgje arbeidet vidare, seier han.

I tida framover har ELLA planlagt mange aktivitetar, mellom anna nye prosjekt om lokale og globale utfordringar, seminar, feltarbeid på praksisskolar etc..

Eit breitt fokus

Gjennom ELLA blir det forska på ulike aspekt ved menneskets språklege evner og språk som kommunikasjonsmiddel og bærar av kultur. Sentrale spørsmål er:

  • Korleis utviklar språkkompetansen seg hos ulike typar talarar?
  • Korleis blir språk brukt i forskjellige typar situasjonar og samanhengar?
  • Kva er det som kjenneteiknar litterært språk?
  • Korleis er samanhengen mellom språk og ulike kulturar?
  • Korleis skaffar vi oss kulturell og kontekstspesifikk språkkunnskap?

– Det breie fokuset vi har, gjer det mogleg, på ein ny måte, å undersøke heile individets språklege kompetanse, å utforske forskjellar og likskapar mellom ulike språkkulturar, og inkludere didaktiske perspektiv. På denne måten kan vi få ny kunnskap om mennesket som språkvesen, seier Ida Larsson.

Inndelt i  temaområde

Forskingsprogrammet er delt inn i tre temaområde:

Språkkompetanser –  vektlegg språktileigning og -utvikling på ulike språk
Språkkulturer – undersøker forhold mellom språk, tekst og kultur
Litteratur i kontekst – litteraturvitskap og litteraturdidaktikk står i sentrum

Eigne aktivitetar og delprosjekt blir drivne innanfor temaområda.

– ELLA gir òg økonomisk støtte til andre prosjekt, både små og store, som er initiert eller leia av kollegaer på høgskolen. Eksempel på dette er litteratur- og språkkultur-eventen Fortellinger fra Finnskogen og den nasjonale NOA-konferansen (Norsk som andrespråk) i Halden, fortel Larsson.

Bilde av en bokforside
Grafiske romanar er eit satsingsområde innanfor temaet Litteratur i kontekst og her deltek mange tilsette frå ulike språkprogram og nokre masterstudentar.

Temaområdet Litteratur i kontekst starta opp sitt første prosjekt hausten 2021. Dette handlar om grafiske romanar (eller teikneserieromanar). Ei gruppe på rundt 10 tilsette frå engelsk, fransk, norsk og tysk deltek, og i tillegg er nokre masterstudentar med på satsinga.

– Vi har invitert til fleire eksterne gjesteforelesingar (digitalt), og har dermed fått inspirasjon frå internasjonale kapasitetar på feltet, frå universitet i mellom anna Australia, USA og Europa, fortel HiØ-professoren.

Blant tema dei tek opp, er klassikaradaptasjonar, sjølvbiografiske grafiske romanar, multimodalitet, metafiksjonalitet, visuell framstilling og ikonografi, litteraturdidaktiske tilnærmingar og grafiske romanar og deira rolle i områdestudium.

Prosjektet skal munne ut i ei rekke tidsskriftartiklar.

Fleirspråklege ressursar

– Tidlegare har ein ofte tenkt på mennesket som eit einspråkleg språkvesen, men nå veit vi at det berre stemmer i unntakstilfelle – dei aller fleste folk er fleirspråklege, seier Larsson.

Det er også veletablert at fleirspråklegheit er ein ressurs i klasserommet. Samtidig er den einspråklege tradisjonen sterk. Studiar av språk og språkinnlæring fokuserer ofte på eitt språk, og den fleirspråklege kompetansen til elevane blir i liten grad utnytta i klasserommet.

HiØ-professoren sier det framleis gjenstår mange spørsmål om korleis vi skal forstå fleirspråkleg kompetanse, og at vi faktisk ikke veit så mykje om korleis dei fleirspråklege ressursane ser ut i norske klasserom. Det som er klart, er at mange elevar beherskar fleire ulike variantar av norsk, dei har kompetanse i engelsk og i mange tilfelle også i eitt eller fleire minoritetsspråk, i tillegg til at mange lærer framandspråk i skolen.

I prosjektet Fleirspråklege ressursar blir fleirspråklegheit undersøkt ved hjelp av eksperimentelle metodar, med hovudvekt på narrativ og kommunikative oppgåver, og metodeutvikling står sentralt i prosjektet.

– Vi samlar inn samanliknbart materiale på alle språka til elevane, med tanke på å kunne undersøke mange ulike sider ved språk. Det handlar for eksempel om grammatikk, ordforråd, uttale, og kommunikasjon. Formålet med prosjektet er å kartleggje dei språklege ressursane dei har, og få auka kunnskap om den språklege kompetansen til unge menneske i Noreg i dag, forklarer Larsson.

Av Ann-Kristin Johansen
Publisert 22. sep. 2022 10:20 - Sist endret 28. sep. 2022 09:41