Rammeverket i korte trekk - Ei rettleiing for språklærarar

Målet med rettleiinga er å gi ein lett tilgjengeleg og kortfatta oppsummering av innhaldet i Rammeverket (2001, 2020) og ei konkret rettleiing i korleis desse dokumenta kan brukast i praksis.

I Rammeverket blir det presentert eit syn på språklæring, språkundervisning og vurdering av språkkompetanse som i dag ligg til grunn for dei nasjonale læreplanane i dei fleste europeiske land og kjenneteikn på måloppnåelse, og dessutan for utarbeiding av eksamenar og læremiddel i språk.

Rettleiinga er utarbeidd parallelt i ein norsk og ein svensk versjon i eit samarbeid mellom Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa (Framandspråksenteret) ved Høgskolen i Østfold, Noreg, og Fortbildningsavdelningen för skolans internationalisering (FBA) ved Uppsala universitet, Sverige.

Last ned Rammeverket i korte trekk - En veiledning for språklærere

Publisert 21. okt. 2022 10:04 - Sist endret 31. okt. 2022 07:41