English version of this page

Austerrikes ambassadør på besøk ved Framandspråksenteret og Høgskolen i Østfold

Framandspråksenteret mottok onsdag 2. november besøk frå Austerrikes ambassade til Noreg.

gruppe mennesker oppstilt i trapp med en bok hver i hendene

Under besøket ved senteret vart ambassadøren, Dr. Stefan Pehringer, informert om arbeidet vi gjer lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å styrka fremmedspråk og mellom anna tyskfaget. 

Besøket gav òg ambassadøren høve til å bli betre kjent med tyskmiljøet ved HiØ, og studiar og forsking knytt til tysk ved Institutt for språk, litteratur og kultur

Biblioteket ved HiØ husar Austerrikebiblioteket. Ambassadøren hadde med seg fleire bøker som bidrar til å utvida samlinga. Desse bøkene er tilgjengelege nasjonalt ved fjernlån ved bibliotek over heile landet via ORIA.

 

Publisert 3. nov. 2022 11:33 - Sist endret 7. nov. 2022 18:12