Norsk nestleiar i Det europeiske framandspråksenteret

Steinar Nybøle, leiar ved Framandspråksenteret (HiØ), er attvald som nestleiar i Det europeiske framandspråksenteret, ei eining under Europarådet

Steinar Nybøle

Europarådet (Council of Europe, Conseil de l’Europe, grunnlagt i 1949) er den eldste og geografisk største organisasjonen i Europa. Dei viktigaste oppgåvene til rådet er å verne om menneskjerettane, demokrati og rettsstatsprinsippet. For at dette skal verta mogeleg, treng menneskja i Europa å kunne kommunisere med kvarandre. Difor vart det i 1994 etablert eit europeisk språksenter (European Centre for Modern Languages) som ei eiga eining under Europarådet.

I dag er det 34 medlemsstatar i senteret, og Noreg er representert gjennom Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (observatør) ved OsloMet og Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa (Framandspråksenteret) ved Høgskulen i Østfold.

Leiaren ved Framandspråksenteret, Steinar Nybøle, vart nyleg attvald til nestleiar i styringsorganet til det europeiske senteret, og Noreg har difor god mogelegheit til å påverke språkutviklinga i Europa. 

"Språksenteret til Europarådet ynskjer at fleire skal lære seg fleire språk, og samtidig vil ein beskytte den språklege arven og det fleirkulturelle som borgarane har, seier Nybøle."

"Arbeidet til språksenteret er særs praktisk retta og målet er å utvikle verktøy som ein kan bruke i mange land. Senteret tilbyr òg gratis «trening & råd» til alle medlemslanda. Her kan ein plukke frå ei lang liste med mange interessante tema."

Akkurat no arbeider senteret med å førebu tilrådingar for å styrke demokratiet i Europa ved hjelp av fleirspråkleg og interkulturell utdanning (Recommendation on the importance of plurilingual and intercultural education for democratic culture). Forslaget har for kort tid sia passert generalforsamlinga til språksenteret og vert no sendt vidare til Europarådet i Strasbourg.

Å lære fleire språk er altså ikkje berre viktig når ein skal ut å reise eller når ein skal handle over landegrensene. Fleirspråklegheit er òg viktig for å bevare og utvikle demokratiet – ikkje berre langt unna, men faktisk òg i vårt eige land, seier Steinar Nybøle ettertenksamt.

Les meir her:

Publisert 12. nov. 2021 10:31 - Sist endret 12. nov. 2021 10:54