Som vanleg tuftar Framandspråksenteret sin statistikk på delen søkjarar som har engelsk eller eit framandspråk som fyrsteval.
Talet inkluderer årsstudium, bachelorgradar og lektorutdanningar med framandspråk i fagkrinsen. I tillegg har Framandspråksenteret teke med lærarutdanningar med fordjuping i framandspråk.
Alle dei tre store skulespråka har ein stor nedgang i søkjarar i år. Nedgangen er litt større for spansk, men er òg stor i dei to andre språka. Medan spansk og tysk er mykje større enn fransk i skulen er fransk meir populært enn tysk i høgare utdanning.