Engelsklærar hospiterte på bilverkstad

Engelskkunnskap er heilt nødvendig

Engelsklærar Lillian Markussen frå Borgund vgs. erfarte då ho var hospitant på Brages bilforretning i Ålesund at beskrivingar og manualar for teknisk utstyr var så dårlig oversett frå engelsk til norsk at dei var ubrukelege på verkstaden.

Borgund vgs. i Fremmerholen ved Ålesund er ein skule med 715 elevplassar for elevar på yrkesfag. Som eit ledd i å skape relevante læringssituasjonar for elevane har skulen trekt eit hospiterings-prosjekt inn som ein del av FYR-arbeidet. Skulen har starta eit samarbeid med bedriftene Spilka og Brages som består av gjensidig ideutveksling og besøk på bedrift og skule. Tanken er at elevane skal få ein mer heilheitleg undervisningssituasjon og oppleve at alle faga på skulen heng saman.

Planen for hospiteringsprosjektet er at ein fellesfagslærar og ein programfagslærar besøker bedrifta på eigne avtalte tidspunkt for å sjå nærare på dagleg drift, samarbeid, korleis ordrar blir utført og praktisk arbeid generelt. Bedrifta blir trekt inn i fellesfagsundervisninga med temabaserte forelesingar og deltek dessutan på samarbeidsmøte mellom opplæringsansvarleg i bedrift og faglærar på skulen. Sist, men ikkje minst, så hospiterer teknisk fagansvarleg frå bedrifta i klassen si verkstadundervisning.

Lillian Markussen skriv i ein rapport om hospiteringsprosjektet at ho visste lite om bilverkstad før ho kom til Brages: «Som fellesfaglærer må jeg ærlig innrømme at hva som foregår i et bilverksted er noe jeg ikke har spesielt god peiling på. En dag på Brages var i så måte en kjempeerfaring for meg på mange måter. For det første ga det meg en bedre forståelse for helheten rundt driften og hvor avhengige de ulike leddene i bedriften er av hverandre: ikke minst linken fra kunde, kundebehandler og mekaniker. Dette er absolutt noe å trekke tilbake til undervisningen, nemlig det å synliggjøre viktigheten av kommunikasjon, lese og skriveforståelse, på både norsk og engelsk.»

Lillian fekk omvisning på verkstaden og moglegheita til å snakke med både erfarne mekanikarar, lærlingar og elevar som på tidspunktet var i praksis. Her lærte ho m.a. om frustrasjonen rundt det at mykje teknisk materiale er så dårleg oversett frå engelsk at dei norske oversettingane er ubrukelege på verkstaden. Ho fekk og stadfest at det i samfunnet i dag knapt finst ein arbeidsplass utan internasjonalt innslag.

Lillian skriv at moglegheita til å delta i dette prosjektet, samt å vere med å besøke elevar under praksisopphold, bidreg til større forståing for det framtidige yrket deira. Lærarar og elevar får tilgang til fleire tema som er aktuelle å ta med seg i undervisninga. Lillian Markussen avsluttar rapporten med å skrive: «Sist, men ikke minst, skjønner elevene at vi bryr oss, og det gjør det også lettere å bygge gode relasjoner.»

Kjelde: Lillian Markussen: Hospiteringsprosjekt på avdeling TIP Borgund vgs. 2013

Publisert 13. des. 2018 13:06 - Sist endret 19. feb. 2020 10:54