We take pride in every move we make!

Logo AarbakkeFor å få eit innblikk i korleis ein arbeidar i ei topp moderne bedrift har FYR-bøtarane på engelsk gjesta Aarbakke AS på Bryne utanfor Stavanger. Bedriften brukar store ressursar på lærlingane, og som lærling der er det lurt å ha gode engelskkunnskapar med på lasset. Verksemda har ein tydeleg engelskspråkleg profil, og eit blikk på stilling ledig-annonsane på nettsida stadfestar dette: ‘må kunne forstå engelsk’, ‘må beherske engelsk skriftlig og muntlig’, og ‘gode engelskkunnskaper, fordel med språk 2’. Karriereportalen til Aarbakke er på norsk, alt anna på heimesida deira er på engelsk, men så er dei og verdsleiande innan småproduksjon av spesialkonstruerte komponentar for olje- og gassindustrien – ei heil verd er marknaden deira.

Aarbakke rekrutterer lærlingane tidleg ved at dei har kvelds - og sommarjobb i verksemda medan dei går på skulen, og som lærlingar blir godt tekne vare på; ein eigen opplæringsleiar og eigne fadrar ser til at lærlingane får ei trygg, god og utviklande læretid i verksemda. Kvart år dreg dei på studietur med lærlingane. Og mange får moglegheita – blant dei 300 tilsette i 2013 var det heile 34 lærlingar, mellom anna innan faga maskinering, industrimontør, kokk, kontor- og administrasjonsfaget.

Hos Aarbakke AS dyrkar dei kunnskap, kvalitet og vinnarkultur, og det såg vi – FYR-bøtarane som fekk vere til stade nokre timar i produksjonslokala. Her skaper dei framtida for mange elevar!

 

(Teksten er tidlegare publisert i Communicare 2013 som har FYR-prosjektet som hovedtema. Tillatelse gitt til bruk av logo).

Publisert 13. des. 2018 13:06 - Sist endret 19. feb. 2020 10:45