Working With Recipes

Illustrasjon: Chocolate cupcakes_Wikimedia Commons

Kort beskrivelse

Elevane skal arbeide med oppskrifter, kunne omsetje desse frå engelsk til norsk (og omvendt) og kunne rekne om frå amerikanske mål til europeiske. Samtidig vil elevane øve evna til å lytte etter spesifikk informasjon, tileigne seg nytt vokabular og jobbe med fagrelaterte ord og uttrykk. Opplegget øver både lytting, lesing, skriving og rekning som grunnleggjande ferdigheitar.

I dette opplegget lærer elevane å tenkje kritisk i høve til talforståing, dei øver evna til å undre og kontrollere om utrekningane er riktige (Det skapande menneske i den generelle delen av læreplanen). Gjennom arbeidet med oppskrifter lærer elevane om matkultur både heime og ute i verda, dei får ei utvida forståing for kulturelle likskapar og ulikskapar (Det meiningsøkjande menneske).

Kompetansemål

Engelsk

Muntlig kommunikasjon

  • forstå hovedinnhold og detaljer i ulike typer muntlige tekster om allmenne emner og faglige emner knyttet til eget utdanningsprogram
  • tolke og bruke teknisk og matematisk informasjon i kommunikasjon

Skriftlig kommunikasjon

  • forstå og bruke et bredt generelt ordforråd og et faglig ordforråd knyttet til eget utdanningsprogram

Felles programfag Vg1 Restaurant og matfag

Råstoff og produksjon

  • følgje og justere reseptar og rekne ut mengder og kostnader

Felles programfag Vg2 Programområde for kokk og servitørfag

Råvarer og produksjon

  • bruke digitale verktøy til oppskrifts og mengdeberegning i produksjon

Læringsmål 

Elevane skal kunne:

  • lese og forstå innhaldet i oppskrifter og kunne omsetje desse til og frå engelsk
  •  rekne om frå amerikanske mål til europeiske mål, t.d. frå F til C, cups til desiliter, pounds og ounces til gram
  • nytte dei grunnleggjande reknemåtane
  • reflektere over det å nytte og forstå matematisk informasjon på engelsk

Refleksjon og vurdering

  • I etterkant av timen kan elevar og lærar diskutere i kva grad dette var nyttig i forhold til deira framtidige yrke. Elles kan elevane levere inn omsetjingane sine og få formell vurdering på dei. Då vil ordval og i kva grad elevane har omsett ord for ord eller har omset meining også spele inn.
  • I etterkant av arbeidet kan elevane sitte saman i par og sjå på kvarandre sine oppskrifter og omsetjingar. Dei samanliknar og reflekterer over kva dei har gjort likt og ulikt. Dei kan også samtale om nytten av å kunne rekne og omsetje oppskrifter i engelsk i sitt yrke.

Ressurser

Vedlegg:

Lenker:

Forberedelser

Læraren

  • Sjå gjennom video og kopiere opp tilhøyrande arbeidsark
  • Finne fram passande oppskrifter frå magasin, bøker eller internett (sjå Ressurser).
  • Sjekke om ev. internettlenkjer fungerer.
  • Kopiere opp oppskrifter eller gjere dei tilgjengeleg på læringsplattforma.
  • Lage til eit formelark for utrekning frå t.d. F til C, frå cups til desiliter m.m.

Eleven

  • Ta med ordbok og kalkulator.

Forberedelser

Tuning in:

  1. Læraren viser ein video for klassen, til dømes denne der ein lagar Chocolate cupcakes. Medan elevane ser videoen, arbeider dei med arbeidsarket som høyrer til i grupper på fire (Lytteroller: lytting etter spesifikk informasjon): nummer ein skal fokusere på kva verb som nyttast, toaren prøver å få tak i kva ingrediensar som blir brukt for å lage kakene, nummer tre noterer ned måleeiningar og nummer fire har fokus på andre 'bakeord' som vert nemnd. Arbeidsarket har ein tabell med fire kolonnar som dei skal plassere orda sine i.  

Elevane i gruppa går deretter saman og deler informasjon med kvarandre.

Læraren samanfattar. Oppskrifta i tekstform ligg her og forslag til løysing for lytteoppgåva her (for lærer).  Kva er lett å forstå i oppskrifta  og kva er vanskelegast? Diskusjon om kvifor det kan vere nyttig å kunne lese, forstå og omsetje/rekne om oppskrifter i deira yrke. Det kan også vere nyttig å kunne forklare ingrediensar i eit matprodukt, særleg med tanke på at mange er allergiske overfor eller ikkje toler enkelte matvarer.

  1. Læraren skriv opp formlane for utrekning som elevane treng, evt. viser dei på projektoren.
  2. Elevane får utdelt oppskrifter (sjå Ressursar)  eller blir vist kor dei kan finne dei på læringsplattforma.

    Elevane kan då jobbe i par eller individuelt med å omsetje og rekne om oppskriftene. Elevane diskuterer seg i mellom, nyttar ordbøker m.m. for å finne ut av ord og uttrykk dei treng.

    Tilrettelegging: Elevar med lavt kunnskapsnivå i engelsk vil kunne klare å omsetje enkle oppskrifter med få ingrediensar, medan elevar med høgt kunnskapsnivå vil kunne omsetje og rekne om større oppskrifter med fleire ingrediensar og fleire instruksar.

Oppfølging

Elevane kan t.d. lage ei eller fleire av oppskriftene dei har omsett og slik teste om omsetjingane deira var riktige.

Kommentarer

  • Elevane vil gjennom dette arbeidet få auka vokabularet sitt og sjå samanhengen mellom det dei gjer på  kjøkkenet og i engelskklasserommet. Har elevane vore i praksisveke, vil dei kanskje ha jobba saman med kokkar og servitørar som ikkje har norsk som morsmål, og brukt engelsk i staden.
  • Kommentarar frå elevar når dei vart presenterte denne oppgåva var; «åh… må vi rekne i engelsktimane også!» Utover det jobba elevane saman i par og diskuterte korleis ein best skulle omsetje oppskriftene, kva dei ulike ingrediensane var og omrekning av måla. Oppskriftene vart gått gjennom i klassen i lag, og vi diskuterte kvifor dei hadde valt ulike ord og uttrykk i omsetjinga.

Kilder

Andre nyttige hjelpemiddel;

  • Gastronomisk ordbok av Kjell Innli (1995)
  • Mini norskengelsk visuell ordbok av JeanClaude Corbeil m.fl. (2008)

Utarbeidelse av opplegget

Kristin Befring, Mo og Øyrane vgs., Førde

Et FYRopplegg utarbeidet i samarbeid med Fremmedspråksenteret. 

Publisert 13. des. 2018 13:03 - Sist endret 8. juni 2021 13:06