Planning a special occasion

Elevane skal planlegge eit selskap, inkludert kva høve det er, kvar det skal vere, borddekking og serveringsmåte og meny med drikke.

Bilde: Dreamstime

Kort beskrivelse

Elevane skal planlegge eit selskap, inkludert kva høve det er, kvar det skal vere, borddekking og serveringsmåte og meny med drikke. Elevane skal jobbe i par/gruppe på tre. I presentasjonen skal elevane òg grunngje vala dei har tatt. Opplegget inneheld eit oppgåveark til elevane der læringsaktivitetane forklarast.

Når elevane jobbar saman i par og gruppe, får dei øving i samarbeid, planlegging og problemløysing, som er ferdigheiter som også arbeidslivet krev (Den generelle delen av læreplanen det arbeidande menneske/det samarbeidande menneske, Prinsipper for opplæringen). I arbeidet med tradisjonar og ritual får elevane ei felles forståing for sin eigen og andre sin kultur (Den generelle delen av læreplanen det allmenndanna menneske).

Kompetansemål

Engelsk

Språklæring

  • vurdere ulike digitale ressurser og andre hjelpemidler kritisk og selvstendig, og bruke dem i egen språklæring

Muntlig kommunikasjon

  • forstå og bruke et bredt generelt ordforråd og et faglig ordforråd knyttet til eget utdanningsprogram
  • uttrykke seg på en nyansert og presis måte med god flyt og sammenheng, tilpasset formål og situasjon
  • Innlede, holde i gang og avslutte samtaler og diskusjoner om allmenne emner og faglige emner knyttet til eget utdanningsprogram

Kultur, samfunn og litteratur

  • fordype seg i et faglig emne innenfor eget utdanningsprogram og presentere dette

Restaurant og matfag Vg1

Råstoff og produksjon

  • gjere greie for råvarer, mat og drikke som inngår i restaurant og matfaga, næringsinnhald, eigenskapar og ruksområde
  • klargjere lokale og omsetje og servere mat og drikke i samsvar med metodar som gjeld

Kosthald og livsstil

  • [...] å planleggje og setje saman måltid i tråd med krava frå helsestryresmaktene
  • planleggje og lage spesialkost
  • lage tradisjonsmat frå ulike område i Noreg og mat frå ulike kulturar, og drøfte kva måltidet har å seie som kulturberar

Bransje, fag og miljø

forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant og matbransjane

Læringsmål

Eleven skal kunne:

  • nytte digitale verktøy til presentasjon av arbeidet sitt.
  • planleggje eit selskap med fokus på høve, gjester, lokale, mat, borddekking og serveringsmåte.
  • grunngje vala sine i løysing av oppgåva.
  • presentere arbeidet sitt munnleg og med hjelp av digitale presentasjonsverkty.
  • nytte generelt og yrkesspesifikt vokabular i presentasjonen

Refleksjon og vurdering

  • Formell vurdering av elevane sin presentasjon kan vere å gi dei to karakterar. Elevane får ein felles karakter på gruppearbeidet (innhald og presentasjonen som heilskap etc.), og ein individuell karakter som seier noko om korleis kvar einskild har arbeidd fagleg med presentasjonen og korleis dei gjorde det under presentasjonen.
  • Grunnen til dette er at elevar som jobbar mykje skal få utteljing for dette, og å hindre at dei som ikkje bidreg får "gratis" karakter på bakgrunn av medelevane sin innsats.
  • Ein kan også som ein del av presentasjonen be elevane seie noko kva dei har lært, korleis gruppearbeidet har gått, eigen innsats. Evt. kan ein gi elevane i oppgåve å skrive individuell logg under og etter gruppearbeidet.
  • Alternativt kan elevane skrive eit refleksjonsnotat der dei reflekterer rundt det dei har lært ved å jobbe med gruppearbeidet. Gruppene kan også evaluere kvarandre, men dette krev at elevane og læraren på førehand er einige om kva som skal vurderast. Det krev også at elevane er trygge på kvarandre. Sjå Ressursar for måtar ein kan gjere dette på.

Ressurser

Vedlegg:

Lenke:

Forberedelser

  • Lærar og elevar bør gå gjennom relevant vokabular på førehand før gruppearbeidet tek til. Elevane bør sørgje for å ha eit presentasjonsverktøy på PC'n sin.
  • Læraren bør opprette gruppemappe på læringsplattforma, slik at elevane kan laste opp det dei har jobba med i slutten av økta (for å unngå stopp i prosessen om nokon er borte).
  • Til presentasjonen bør læraren/IKTansvarleg sjekke at projektor og anna utstyr fungerer.
  • Om læraren skal velje grupper i klassen eller om elevane skal få velje fritt vurderast ut frå klassen sine føresetnader.

Forberedelser

Første økt (90 minutt)

Tuning in:

  • Tenkeskriving i tre minutt: Livets merkedagar. Elevane skriv fritt om tankar, idear, assosiasjonar eller hendingar knytt til ein merkedag dei likar godt.
  • Klassen snakkar om merkedagar i ein famile, samfunn, kulturar og skikk og bruk i feiring av desse. 

Presentasjon og forklaring av oppgåva Planning a special occasion: "Working together in pairs you should come up with a menu for a special occasion. You should also include venue, table settings and styles of serving to suit your menu. This shall be presented in class as a PowerPointpresentation".

  • elevane blir gjort kjende med læringsmål, ord og uttrykk, gjennomføring, tidsbruk og vurdering.
  • elevane startar førebuinga
  • lærar rettleier

Andre økt (90 minutt)

  • elevane fortset førebuing av presentasjonen
  • lærar rettleier

Tredje økt (45 minutt)

  • elevane rundar av førebuinga og startar å øve

Fjerde økt (90 minutt)

  • elevane presenterer gruppearbeidet
  • elevane må rekne med heimearbeid. Ein må også ta høgde for teknisk svikt og andre utfordringar på presentasjonsdagen.

Differensiering

Lærar kan rettleie svakare elevar i val av høve for selskapet sitt og avgrense talet på gjestar m.m. Ev. kan ein òg velje bort einskilde delar, t.d. dekking av bord.

Ein kan òg velje å la elevar presentere for lærar (og utvalde elevar).

Oppfølging

I etterkant kan ein jobbe vidare  med å sjå på korleis andre kulturar feirar store merkedagar.

Kommentarer

  • Etter å ha gjennomført dette eit par gonger verkar det som om elevane synest det er lærerikt og kjekt og at dei har jobba godt med førebuinga av presentasjonen. Mange resultat av planlegginga kunne godt vore gjennomført "på ordentleg", medan andre hadde gjort pussige menyval som t.d. spagetti bolognese til barnedåp.
  • Opplegget passar kanskje best på Vg2, då elevane har emne som menyplanlegging og selskapsplanlegging som del av dei yrkesfagleg førebuande faga.

Utarbeidelse av opplegget

Kristin Befring, Mo og Øyrane vgs. Førde

Et FYRopplegg utarbeidet i samarbeid med Fremmedspråksenteret. 

 

Publisert 13. des. 2018 13:03 - Sist endret 8. juni 2021 13:06