Kitchen utensils

Målet med opplegget er at elevane skal øve inn grunnleggande vokabular for kjøkkenutstyr. Dette gjer dei ved hjelp av stasjonsundervisning.

Bilete kjøpt frå Dreamstime

Kort beskrivelse

Elevane jobbar munnleg med samtale og oppgåveløysing. Slik får dei øving i dialog og det å forklare for andre. Elevane øver i hovudsak den munnlege ferdigheita, men også den skriftlege ferdigheita blir nytta. Opplegget inneheld tre døme på ordinnlæringsstrategiar og ei repetisjonsøving.

Elevane øver samhanding og er del av eit sosialt læringsfellesskap (Den generelle delen av læreplanen det arbeidande menneske – læring som lagarbeid). Opplegget kan også knyttast til Læringsplakaten, der det står at skolen og lærebedrifta skal fremme tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar.

Kompetansemål

Engelsk

Språklæring

  • vurdere og bruke ulike situasjoner, arbeidsmåter og læringsstrategier for å videreutvikle egne ferdigheter i engelsk

Muntlig kommunikasjon

  • forstå og bruke et bredt generelt ordforråd og et faglig ordforråd knyttet til eget utdanningsprogram
  • innlede, holde i gang og avslutte samtaler og diskusjoner om allmenne emner og faglige emner knyttet til eget utdanningsprogram

Restaurant og matfag

Bransje, fag og miljø

  • forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant og matbransjane

Læringsmål

Elevane skal kunne:

  • Det engelske namnet på det mest vanlege kjøkkenutstyret i eit profesjonelt kjøkken.
  • Beskrive kjøkkenutstyret ved hjelp av adjektiv og støtteord (aliasøving).
  • Fortelje korleis ein nyttar kjøkkenutstyret og kva ein nyttar det til.
  • Nytte riktig rettskriving for kjøkkenutstyret.
  • Kople bilete og ord/namn på kjøkkenutstyret saman.

Refleksjon og vurdering

  • Stasjonsundervisninga kan nyttast til ein litt annleis måte å jobbe med vokabular på utan å vurdere dette. Elles kan t.d. øvinga vere ei førebuing til ei gloseprøve som kan formelt vurderast. Den kan også vere førebuing til munnleg prøve, t.d. på kjøkkenet, der kjøkkenutstyret er i bruk. Det er ingenting i vegen for å bruke dei tre aktivitetane kvar for seg.
  • Som eigenvurdering kan elevane reflektere rundt nytten av å kunne det engelske namnet på kjøkkenutstyret dei brukar på kjøkkenet, anten munnleg eller skriftleg. For eit døme på eigenvurderingsskjema, sjå Ressurser. Når elevane har fylt ut dette, kan det vere ein idé og la det vere eit utgangspunkt for ein samtale om ordinnlæring og arbeidsmåtar.

Ressurser

Vedlegg:

  1. Biletkort med gloser der ein øver namn på kjøkkenutstyr  (pdf)
  2.  Kitchen utensils kryssord (pdf)
  3.  Fasit til kryssord (pdf)
  4. Gloseøvinger med programmet Quizlet (quizlet.com)
  5. Skjema for eigenvurdering (pdf)

Forberedelser

Læraren

  •  Klippe ut og ev. laminere biletkort med gloser (sjå Ressurser)
  •  Kopiere opp kryssord (sjå Ressurser)
  • Ordne til datamaskiner med Quizlet – gloseøvingsprogram, ev. vise elevane kor dei finn fram til Quizlet (lenka under Ressurser fører direkte til gloseoppgåva).
  • Finne fram Kahoot på projektor og styre dette spelet frå lærarpc’en.

Elevane

  •     Ev. lese gjennom glosene
  •     Førebu seg på munnleg aktivitet
  •     Repetere t.d. adjektiv

Forberedelser

Tuning in: Omvendt tankekart

  • Lærar teiknar ein sirkel på tavla. Rundt denne teiknar han/ho fleire sirklar med eit kjøkkenord i kvar. Elevane skal gjette kva for eit tema dei skal arbeide med. Dette setter ein i midtsirkelen. Deretter skal elevane komme med forslag til fleire ord som vert sette i nye sirklar. 
  • Læraren forklarar gangen i stasjonsundervisninga, og deler klasserommet og klassen i tre grupper.

Stasjon 1) Biletkort med gloser – Alias

  • Elevane blandar biletkorta godt og legg dei midt på bordet med biletsida ned. Ein elev trekkjer eit kort og skal beskrive kjøkkenutstyret utan å bruke glosa som står øvst. Den eleven på gruppa som gjettar riktig først, vinn kortet. Så er det neste elev sin tur til å beskrive. Den eleven som sit att med flest kort, har vunne.

Stasjon 2) Kryssord

  • Elevane får utdelt kvart sitt Kitchen utensils kryssord og løyser dette.

Stasjon 3) Quizlet – gloseøvinger med programmet Quizlet

  • Elevane set seg ved kvar si datamaskin og jobbar med Quizletaktivitetane. Her er det forskjellige å velje mellom. Til dette føremålet tilrår eg;
    Scatter – klikk og dra saman norske og engelske ordpar
  • Space race – skriv den engelske glosa for det norske ordet som flyg forbi før ordet når den høgre kanten av skjermen. Dess fleire ein klarar, dess fortare flyg ordet forbi.
  • Når alle gruppene er ferdige med sin aktivitet, eller etter eit tidspunkt fastsett av læraren, roterer gruppene. Alle gruppene skal innom kvar aktivitet (13).

Fellesøving: 

Kahoot – quizleik der alle elevar kan vere med. Quizen foregår på projektor, medan elevar nyttar smarttelefon/PC til å svare på quizen. Dess raskare ein er, dess høgre poengscore får ein.

Oppfølging

Opplegget kan nyttast til førebuing til praksis på kjøkkenet, t.d. om ein har ein kjøkkendag som foregår på engelsk.

Kommentarer

  • Elevane var veldig munnleg aktive, og hadde det kjekt. Nokre syntest kryssordet var vanskeleg, difor har eg endra litt på det (ved å legge til nokre bokstavar som starthjelp). Quizlet – gloseøvingane var også kjekke syntest elevane. Dei prøvde å slå sin eigen tidsrekord.
  • Kahoot’en nytta til repetisjon gir stort engasjement i klasserommet. Erfaringane mine med å nytte kahoot’en er at dei elevane som presterer lågt på tradisjonelle gloseprøver, presterer godt i denne øvinga.
  • Stasjonsundervisning er med på å bidra til at teoretisk undervisning blir meir elevaktiv og kinestetisk, slik at elevar som meistrar praktisk undervisning betre lukkast.

Kilder

Ressursane er laga av Kristin Befring:

  • Biletkort med gloser (kjeldetilvising på kvart kort).
  • Kryssord inkl. teikningar og løysing.
  • Gloseøvinger Quizlet – Kitchen utensils (norske ord på nynorsk)

Utarbeidelse av opplegget

Kristin Befring, Mo og Øyrane vgs., Førde

Et FYRopplegg utarbeidet i samarbeid med Fremmedspråksenteret. 

Publisert 13. des. 2018 13:03 - Sist endret 8. juni 2021 13:06