Nur der Osterhase kann Eier legen

Trinn: Nivå III. Tema: Påsketradisjonar og læringsstrategi. Tid: Ein dobbelttime

Kompetansemål

Elevane skal kunne formidle kunnskap om tradisjonar, skikkar og levemåtar i målspråkområdet, definere eigne læringsbehov, formulere mål og bruke digitale hjelpemiddel på ein formålstenleg måte. 

Læringsmål

Forklare bakgrunnen for påsketradisjonen, mytar og fakta omkring påskehare, påskeegg og påskebål. Formulere kva som er målet med arbeidsøkta, kjenne ordboka godt nok til å kunne finne raskt fram i henne, lære og øve på utvalde språklege strukturar

Ressursar

Internettsider

Vedlegg

Førbuingar

Elevane må ha tilgang til PC. Læraren vel eit bilete som innleiing til temaet påske. Læraren legg ut oppgåvene elektronisk eller skriv dei ut. Skriv ev. ut blanke assosiogram. (Vedlegg 1)

Plan for opplegget

Innleiing av emnet

Læraren viser eit bilete av eit typisk påskemotiv og spør elevane: "Was fällt Ihnen zu diesem Thema ein? Was wissen Sie schon über die Ostertradition in Deutschland und in Norwegen?"
Deretter begynner arbeidet med teksten "Nur der Osterhaste kann Eier legen".: Lese, forstå og formidle innhaldet.

  1. Elevane skumles heile teksten for å få ei oversikt.
  2. Del klassen i grupper eller par. Kvart par les eitt eller fleire avsnitt og svarer på spørsmåla nedanfor for å teste forståinga.
  3. Gruppene refererer innhaldet i avsnitta til resten av klassen. Vedlegg 3

Deretter følgjer individuelt arbeid med oppgåver som er tilpassa den enkelte eleven. Elvane må vurdere kva oppgåve dei har behov for å jobbe med for å utvikle språket. Dei definerer eit eige læringsmål for arbeidet, til dømes: "Eg vil bli sikrare på konjunktivbruken i sitat", "Eg vil bli betre kjend med den digitale ordboka Canoonet", "Eg vil utvide ordforrådet", eller "Eg vil lære meir om forskjellen mellom tyske og norske refleksive verb".

Forslag til differensiering

Sjølvvalde dikt: Elevane vel sjølve vanskegrad og tema for diktet.

Evaluering og vurdering

Eigenvurdering

Beanworten Sie die Fragen: Was habe ich gelernt? Habe ich mein Ziel erreicht? Was muss ich noch lernen? 

Oppfølging

Undersøk tradisjonen med kråke og rev som erstatning for påskeharen. Kva er ein "Osterzopf"? Kva mattradisjonar er knytte til påske i Noreg og i Tyskland/Sveits/Austerrike?

Kommentarar

Teksten "Nur der Osterhase kann Eier legen" gir elevane sjansen til å fordjupe seg i ein av dei kristne festane som blir markerte både i Noreg og Tyskland. Han forklarer kvar tradisjonen med påskeegg og påskehare stammar frå, og forklarer bruken av påskebål, påskelys og vigselvatn. Språkleg inneheld teksten ein del utfordringar, både med omsyn til struktur, referentkopling, grammatikk og ordforråd. Til teksten er det derfor foreslått ei rekkje oppgåver som utnyttar ressursane i canoo.net, for å hjelpe elevane å forstå og bruke nye uttrykk. Elevane vel dei oppgåvene som er knytte til læringsmåla dei har valt for arbeidet. Læraren og elevane må bli einige om dei vil bruke originalteksten utan merking eller den merkte teksten nedanfor. Det er sjølvsagt meir krevjande å arbeide med den umerkte teksten. Teksten finn du her her. (Vedlegg 4)

Dette opplegget om diktanalyse kan lett tilpassast andre framandspråk på nivå III.

Idé og utarbeidelse

Béatrice Blom, Elvebakken vgs (Oslo), © Fremmedspråksenteret

Publisert 11. feb. 2020 14:41 - Sist endret 16. mars 2021 14:48