Lesing av poesi

Trinn: Nivå III. Tema: Diktanalyse – verktøy for analyse. Tid: 5 timar

Kompetansemål

Språklæring

  • Bruke kunnskapar om ord, setningsoppbygging, tekstbinding og språkbruk for å forbetre sitt eige språk

Kommunikasjon

  • Skrive samanhengande og godt strukturerte tekstar i ulike sjangrar • Forstå innhaldet i lengre munnlege og skriftlege autentiske tekstar i ulike sjangrar
  • Gi uttrykk for eigne synspunkt og tankar, opplevingar og kjensler munnleg og skriftleg 

Læringsmål

  •  Gi elevane eit vokabular dei kan bruke når dei skal arbeide med poesi i opplæringa.
  • Forslag til korleis elevane sjølve kan lage dikt som ein del av eit større arbeid eller som eige prosjekt.

Ressursar

Internettsider

Vedlegg

Litteratur

Førebuingar

Finne gode nettstader med dikt eller lage antologi med dikt (papir eller digitalt). Lage/finne nokre døme på språklege bilete i tysk språk.
Sjå til dømes Deutschdreidigital og Karin Hals (2010): Deutsch Drei Literatur. Cappelen Damm. Oslo.

Plan for opplegget

1. time

Elevane skal finne dikt på nettet, bruke nettstadene eller lese i antologien som læraren har sett saman. Så vel dei eit dikt dei liker, grunngir valet og fortel kva dei liker med det. Finne ut litt om forfattaren. Informere klassen (foredrag, wiki etc.).

2. time

Jobbe med nokre felles dikt frå antologien. Diktet bør ha enkle bilete – elevane kan finne bileta og avdekkje kva slags bilete det er.
La elevane lage språklege bilete på tysk ved å skrive eit dikt om kjærleik, vennskap eller eit anna tema. Lage samanlikningar og metaforar.

3. time

Teoretisk tilnærming til form og innhald i diktet:

  • Introdusere vokabular som er nyttig når elevane skal analysere og kommentere (sjå arthurleinweber.de).
  • Gi elevane diktet "Gefunden" av Goethe, songen Ich bin mein Haus av Rosenstolz, ev. andre poetiske tekstar. Alle gruppene prøver seg på 1) Einleitung (sjå nettsida ovanfor).
    Vidare jobbar elevane på stasjonar med dikta og ulike oppgåver til.
    Til dømes kan ein stasjon vere
        Atmosphäre
        Situation des lyrischen Ichs (z.B. Zeit, Stimmung oder Ort)
        Zentrales Thema und seine Entwicklung in den einzelnen Strophen
        Inhaltlicher Aufbau: Steigerung (Klimax), Einschnitte, Brüsche, Kontraste
    Ein annan stasjon kan vere
        Bedeutung des Titels, evtl. des erstens/letzten Verses • Evtl. epochentypische Merkmale
        Mögliche Intention

1. - 5. time

Hald ev. fram med stasjonsarbeid.
Elevane vel eit dikt og skriv ein samanhengande tekst som læraren eller medelevane kommenterer.

Forslag til differensiering

Sjølvvalde dikt: Elevane vel sjølve vanskegrad og tema for diktet.

Evaluering og vurdering

Uformell vurdering

  • Elevane kommenterer kvarandre sine dikt (t.d. biletbruk, rim og innhald).
  • Elevane kommenterer kvarandre sine analysar (t.d. kva for nye omgrep dei har brukt i analysen, og korleis dei har brukt dei).
  • Elevane skriv refleksjonsnotat om kva dei har lært og erfart i arbeidet med diktanalyse på norsk. Notatet kan innehalde konkrete refleksjonar om
  1. korleis dei har brukt det nye vokabularet
  2. kva oppleving dei har hatt i møtet med eit anna kulturuttrykk
  3. korleis dei har forbetra sitt eige språk gjennom å tileigne seg eit meir abstrakt vokabular og å kunne uttrykkje seg om abstrakte omgrep

Formell vurdering

Skrive ein analyse av form og innhald i eit dikt som blir vurdert med karakter. 

Oppfølging

Vokabularet er ein ressurs for vidare arbeid med litteratur.

Skrive ein analyse av eit anna dikt, sjølvvalt eller gitt, med eller utan førebuing, som ein del av eit større arbeid om ein forfattar eller berre som ein rein diktanalyse.

Arbeid med poesi kan vidareførast til andre område som rap og popsongar.

Kommentarer

Dette opplegget om diktanalyse kan lett tilpassast andre framandspråk på nivå III.

Idé og utarbeidelse

Nina Eidsten, St. Halvard vgs. (Lier), © Fremmedspråkenteret

Publisert 11. feb. 2020 14:41 - Sist endret 16. mars 2021 14:55