Kompetansemål
- Formidle opplevingar knytte til estetikk og kulturformer og analysere innhald og form i litteratur, film, musikk, kunst og andre kulturformer
- Diskutere fleirkulturelle forhold i målspråkområdet, reflektere over kulturforskjellar og vise forståing i møte med andre kulturar
- Drøfte erfaringar med eiga språklæring
- Skrive samanhengande og godt strukturerte tekstar i ulike sjangrar • Delta i spontane samtalar og diskusjonar
Læringsmål
- Eleven skal tileigne seg kunnskap om den russiske minoriteten i dagens Tyskland.
- Eleven skal reflektere over eiga språklæring.
- Eleven skal analysere ei forteljing og eit dikt.
- Eleven skal uttrykke eigne tankar og kjensler munnleg og skriftleg.
Ressursar
Internettsider
- Innføring i tekstsjangeren kortforteljingar
- Innføring i tekstsjangeren dikt
- I tillegg til lenkjene i oppgåvetekstane kan elevane finne mykje informasjon om temaet her
Vedlegg
- Vedlegg 1 Wladimir Kaminer: Deutschunterricht (Kurzgeschichte) i samlinga Russendisko. Wilhelm Goldmann Verlag, München, 2000
- Vedlegg 2 Otto Horvath: Sprachunterricht (Gedicht) i samlinga Die neuen Mieter. Fremde Blicke auf ein vertrautes Land. Iwona Mickiewicz (Hg.), Aufbau Taschenbuchverlag GmbH, Berlin, 2004
- Vedlegg 3 Oppgåver til Kaminers tekst Deutschunterricht
- Vedlegg 4 Oppgåver til Horvaths dikt Sprachunterricht
- Vedlegg 5 Vurdering
Førebuingar
Læraren kan velje å jobbe med sjangeromgrep og kjenneteikn før tekstlesinga startar, litt avhengig av kor mykje elevane kan om det frå før. Eit viktig poeng i denne samanhengen er å hjelpe elevane med å byggje opp eit relevant ordforråd før, under og etter arbeidet med tekstane.
Plan for opplegget
Dei to tekstane kan brukast saman eller kvar for seg. Oppgåvene kan gjerast skriftleg og/eller munnleg. Her kan ein altså sjå kor mykje tid ein har. Tanken er at elevane skal få trening i å skrive/snakke om litterære tekstar, og at dei skal relatere det dei les, til si eiga verd.
- Horvaths dikt inkl. oppgåver: ca. 1 time
- Kaminers tekst inkl. oppgåver: ca. 4 timar
- Ei skriftleg refleksjonsoppgåve i tillegg
Evaluering og vurdering
- Uformelt blir elevane vurderte ut frå munnleg aktivitet i klasserommet, altså spontane samtalar, opplesing av eigne tekstar og diskusjonar.
- Formell vurdering: Sjå eiga skriftleg oppgåve over temaet refleksjon over eiga språklæring.
Oppfølging
- Lesing av eit litterært verk: Kaminers bok Russendisko, eventuelt andre av bøkene hans, er eigna til å leggje opp som eit litterært verk. • Jobbe vidare med temaet russisk /austeuropeisk påverknad på Tyskland før og no.
Idé og utarbeidelse
Mona Gundersen, Molde vgs.