Kompetansemål
Kommunikasjon
- forstå innhaldet i lengre munnlege og skriftlege autentiske tekstar i ulike sjangrar
- bruke formålstenlege lese-, lytte-, tale- og skrivestrategiar
Språk, kultur og samfunn
- formidle kunnskapar om tradisjonar, skikkar og levemåtar i målspråkområdet
Læringsmål
- lære noko om korleis "Fasching" blir feira i delar av Tyskland og i kva delar.
- samanlikne med fastelavnfeiringa her heime
- få eit inntrykk av kva Deutsche Welle kan tilby
Ressursar
Internettsider
- Deutsche Welle
- Vedlegg 1 Sjå òg nettadresser i PP-presentasjonen
Førebuingar
Læraren må sjekke at lenkjene i PP-presentasjonen "verkar" (dei gjer det per 7.9.2010), og ev. finne tilsvarande frå det aktuelle året.
Elevane treng PC og øyreklokker/øyreproppar (kan ev. køyre PP felles i klassen med pausar til å løyse oppgåvene).
Plan for opplegget
Lekse på førehand
Elevane kan få i oppgåve å finne ut kva "Fasching" er, slik at dei stiller med forventing til timen.
- time
Idémyldring i fellesskap. Kva har elevane funne ut?
Elevane jobbar seg så gjennom PP-presentasjonen og svarer på spørsmåla på norsk eller tysk (etter nivå – læraren bestemmer / ev. differensierer).
- time
Forslag til oppsummering av aktiviteten:
- Elevane kan oppsummere i grupper (munnleg) ved hjelp av stikkord. • Elevane kan skrive ein kort oppsummerande tekst ut frå nokre stikkord – åleine eller i par.
- Elevane kan lage si eiga vesle "fjernsynssending" om Fasching og rapportere om delar av feiringa ved hjelp av stikkord.
Evaluering og vurdering
Til evalueringa av den munnlege/skriftlege oppsummeringa av dette arbeidet passar truleg vurderingskriteria som er brukte i klassen til vanleg, godt.
Oppfølging
Bruk alle substantiva som dukkar opp, til å jobbe med / automatisere reglar for kjønn og fleirtalsbøying av substantiv. Sjå òg her.
Kommentarar
Elevane likte opplegget med PP-presentasjonen godt, kanskje først og fremst fordi dei hadde liten kjennskap til denne tradisjonen, og dei syntest det var ganske "vilt" det dei såg. Nokre var forundra over at tyskarar (som dei gjerne har lært er eit "stivt" folkeferd) kunne ta han heilt ut på denne måten.
Idé og utarbeidelse
Nina Eidsten, St. Halvard vgs. (Lier), © Fremmedspråksenteret