Fasching - eine deutsche Tradition

Trinn: Nivå III (passar og for nivå II). Tema: Fasching. Tid: 1–2 timar

Kompetansemål

Kommunikasjon

  • forstå innhaldet i lengre munnlege og skriftlege autentiske tekstar i ulike sjangrar
  • bruke formålstenlege lese-, lytte-, tale- og skrivestrategiar

Språk, kultur og samfunn

  • formidle kunnskapar om tradisjonar, skikkar og levemåtar i målspråkområdet 

Læringsmål

  • lære noko om korleis "Fasching" blir feira i delar av Tyskland og i kva delar.
  • samanlikne med fastelavnfeiringa her heime
  • få eit inntrykk av kva Deutsche Welle kan tilby

Ressursar

Internettsider

Førebuingar

Læraren må sjekke at lenkjene i PP-presentasjonen "verkar" (dei gjer det per 7.9.2010), og ev. finne tilsvarande frå det aktuelle året.
Elevane treng PC og øyreklokker/øyreproppar (kan ev. køyre PP felles i klassen med pausar til å løyse oppgåvene).

Plan for opplegget

Lekse på førehand

Elevane kan få i oppgåve å finne ut kva "Fasching" er, slik at dei stiller med forventing til timen.

  1. time
    Idémyldring i fellesskap. Kva har elevane funne ut?
    Elevane jobbar seg så gjennom PP-presentasjonen og svarer på spørsmåla på norsk eller tysk (etter nivå – læraren bestemmer / ev. differensierer).
     
  2. time
    Forslag til oppsummering av aktiviteten:
  • Elevane kan oppsummere i grupper (munnleg) ved hjelp av stikkord. • Elevane kan skrive ein kort oppsummerande tekst ut frå nokre stikkord – åleine eller i par.
  • Elevane kan lage si eiga vesle "fjernsynssending" om Fasching og rapportere om delar av feiringa ved hjelp av stikkord. 

Evaluering og vurdering

Til evalueringa av den munnlege/skriftlege oppsummeringa av dette arbeidet passar truleg vurderingskriteria som er brukte i klassen til vanleg, godt. 

Oppfølging

Bruk alle substantiva som dukkar opp, til å jobbe med / automatisere reglar for kjønn og fleirtalsbøying av substantiv. Sjå òg her.

Kommentarar

Elevane likte opplegget med PP-presentasjonen godt, kanskje først og fremst fordi dei hadde liten kjennskap til denne tradisjonen, og dei syntest det var ganske "vilt" det dei såg. Nokre var forundra over at tyskarar (som dei gjerne har lært er eit "stivt" folkeferd) kunne ta han heilt ut på denne måten.

Idé og utarbeidelse

Nina Eidsten, St. Halvard vgs. (Lier), © Fremmedspråksenteret

Publisert 11. feb. 2020 14:41 - Sist endret 16. mars 2021 14:58