Emmas Glück

Trinn: Nivå III. Tema: Film. Tid: 5 (eller 6) x 45 min

Kompetansemål

Språk, kultur og samfunn

  • Formidle opplevingar knytte til estetikk og kulturformer og analysere innhald og form i litteratur, musikk, kunst og andre kulturformer 

Kommunikasjon

  • Forstå innhaldet i lengre munnlege og skriftlege autentiske tekstar i ulike sjangrar
  • Skrive samanhengande og godt strukturerte tekstar i ulike sjangrar
  • Delta i spontane samtalar og diskusonar
  • Fortelje om og forklare ulike emne munnleg
  • Bruke språket med god uttale og intonasjon
  • Gi uttrykk for eigne synspunkt og tankar, opplevingar og kjensler munnleg og skriftleg
  • Tilpasse språket til formelle og uformelle kommunikasjonssituasjonar • Bruke formålstenlege lese-, lytte-, tale- og skrivestrategiar 

Læringsmål

  • Sjå og bli kjend med ein tysk film (tysk regissør / tyske skodespelarar) •
  • Samanfatte det viktigaste i ein norsk tekst på tysk (dersom ein bruker den norske teksten om film, sjå nedanfor)
  • Analysere form og innhald i filmen Emmas Glück
  • Reflektere rundt dei allmennmenneskelege spørsmåla i filmen Emmas Glück (Kva er lykke? Kva er kjærleik? Normalitetsomgrepet)
  • Bli betre til å forstå innhaldet i autentiske tekstar
  • Skrive tekst med utgangspunkt i filmen
  • Diskutere, fortelje om og forklare filmen på tysk
  • Lære fleire tyske ord og uttrykk som kan brukast i diskusjonar og presentasjonar
  • Bli meir merksam på bruk av strategiar, særleg lytte- og snakkestrategiar

Ressursar

Bøker

  • Romanen Emmas Glück av Claudia Schreiber
  • Arne Engelstad (1995): Den forføreriske filmen. Cappelen Akademisk forlag, side 33

(Ev.)

  • Dahl, Engelstad mfl. (2009): Grip teksten. Norsk Vg1. Aschehoug. Oslo, side 87–89
  • Ord og uttrykk til bruk i diskusjonar og presentasjonar, sjå til dømes Andersen, Bali (2007): Ankunft 2, Tysk II Vg2. Cappelen. Oslo (Praktisches Deutsch) 

Internettsider

Vedlegg

Førebuingar

Skaffe filmen (eller romanen)

Plan for opplegget

Sjå vedlegg. Vedlegg 2. 

Evaluering og vurdering

I diskusjonane om oppgåvene, kafédialogane (samtaleforma ein vel), kan elevane få tilbakemelding på uttale, intonasjon og grammatikk for å bli betre.
Dei får karakter på foredraget/presentasjonen til slutt.
Evaluere eiga læring: Det er interessant å spørje elevane kva dei har lært. Skil då mellom innhald (eventuelt med grammatikken dei treng for å uttrykkje det eine eller det andre) og strategiar (kanskje først og fremst å lytte og snakke i denne runden).
Det er òg ganske spennande å få dei til å svare på korleis dei har lært, og korleis dei kan vere sikre på at dei har lært det dei meiner dei har lært. 

Oppfølging

Eit alternativ er å lese romanen eller utdrag av han (det siste kan ein gjere når ein kjenner handlinga, som er ganske lik i boka og filmen). Det kan vere interessante sider ved språket å jobbe med i klassen.

Kommentarar

  • Elevane likte filmen veldig godt. Dei syntest oppgåvene til filmen var uvanlege og derfor interessante.
  • Munnleg foredrag om filmen, verkemiddelbruken og "was Ihnen gefallen hat an diesem Film" (ca. 10 min) fungerte veldig bra og engasjerte elevane.

Idé og utarbeidelse

Nina Eidsten, St. Hallvard vgs. (Lier), © Fremmedspråksenteret

Publisert 11. feb. 2020 14:41 - Sist endret 16. mars 2021 14:40