Dialekte

Trinn: Nivå III. Tema: Kort beskrivelse av opplegget. Tid: Ein dobbelttime

Kompetansemål

  • Samanlikne og kommunisere om språk i Noreg og i målspråkområdet 

Læringsmål

  • Bli merksam på mangfaldet av talemålsvariantar i Tyskland, Austerrike og Sveits
  • Beskrive nokre sentrale forskjellar mellom talemål frå tre forskjellige område
  • Samanlikne og diskutere statusen til dialektane i Noreg og i tyskspråklege land

Ressursar

Internettsider

Video

  • Wat du sprichst ken Osdeutsch?
    Teksten på plakaten i bilverkstaden på videoen "Wat, du kannst ken Osdeutsch?": "Gibbe raus. Keen Feddbemmen fressen. Glozzen off. Orbeidn" = Kippe raus. Keine Schmalzbrote essen. Glotzen auf! Arbeiten! = Vekk med røyken. Ikkje et rundstykke med smolt på. Opp med auga! Jobb! 

Vedlegg

Førbuingar

  • PC med øyretelefonar

Plan for opplegget

Innleie med ein humoristisk video: "Wat, du sprichst ken Osdeutsch?" (plakatteksten i videoen er omsett ovanfor).

Elevane går inn på www.dialektkarte.de, klikkar på kartet og lyttar til setningane som blir lesne på ulike dialektar. Fleire av setningane er transkriberte, men ikkje alle. Elevane vel ei setning som dei samanliknar. Dei kan undersøkje t.d. ordforråd, syntaks, bøying og uttale av bestemte lydar. Fyll gjerne ut ein tabell. (Vedlegg 1)

Samanlikn deretter situasjonen i Norden med dei tyskspråklege landa. Tema til samanlikning og diskusjon: 1. Tyskland, Austerrike og Sveits har eitt tysk skriftspråk, mens Noreg, Danmark og Sverige har fire (to norske). Kva fordelar og ulemper har det? 2. Dersom du flytta, ville du ha halde på dialekten din? Elevane repeterer "Sprechhilfe" for diskusjonar: "Ich finde, dass ...", "Auf der einen/anderen Seite ...", "Wenn man überlegt, ..."

Evaluering og vurdering

Elevane skriv ein logg for dobbelttimen. Beantworten Sie folgende Fragen: Was habe ich über Dialekte in den deutschsprachigen Ländern gelernt? Wie gut gelingt es mir, in Diskussionen teilzunehmen? Was muss ich noch lernen? 

Oppfølging

  • Arbeidet kan utvidast til eit tverrfagleg prosjekt med norsk Vg3. I læreplanen for norsk Vg3 skal elevane kunne gjere greie for nokre norske dialektar. Det kan vere interessant å samanlikne nokre forhold rundt norske og tyske dialektar, t.d. kva status dei har. Læreplanmål for norsk Vg3: Elevane skal kunne gjere greie for forholdet mellom munnleg og skriftleg språk og for særtrekk ved eit utval norske talemålsvariantar.
  • Elevane følgjer ein tysk nettdebatt om å halde på og bruke dialekten. Dei kan anten søkje på nettet sjølve (søkjeord "Dialekt behalten" eller liknande) eller gå inn t.d. HER. Nettdebatten er prega av munnleg språk. Det kan derfor vere eit tilleggsmål å lære nokre munnlege uttrykk. (Vedlegg 3)
  • Ist Schweitzerdeutsch eine eigene Sprache oder ein deutsches Dialekt? Lesen Sie, was die Sprachwissenschaft dazu sagt, und wie sie Dialekte bestimmen.
  • Benutzen Sie die vier "Kriterien zur Dialektbestimmung" und diskutieren Sie, ob Norwegisch, Swedisch und Dänisch Dialekte einer Sprache sind. (Vedlegg 2)
  • På YouTube er det mange videoar med ulike talemål. Finn dei og lytt.
  • Hald eit kort foredrag eller skriv eit blogginnlegg om dialektbruken i Noreg. Bruk opplysningar frå læreboka i norsk. Mottakarane kan vere jamgamle tysktalande eller tysklærande ungdommar.

Idé og utarbeiding

Béatrice Blom, Elvebakken vgs., © Fremmedspråksenteret

Publisert 11. feb. 2020 14:41 - Sist endret 5. feb. 2021 07:52