Das Kunstprojekt

Trinn: Nivå III. Tema: Kunstnarar frå Tyskland/ Austerrike/Sveits som har gjort inntrykk på elevane, og som dei har valt å fordjupe seg i og held eit munnleg foredrag om . Tid: ca. 8 timer.

Kompetansemål

Språklæring

  • bruke kunnskap om ord, setningsoppbygging, tekstbinding og språkbruk for å forbetre eige språk

Kommunikasjon

  • fortelje om, forklare og beskrive ulike emne munnleg
  • bruke språket med god uttale og variert intonasjon
  • gi uttrykk for eigne synspunkt og tankar, opplevingar og kjensler munnleg
  • bruke Internett og digitale verktøy i kommunikasjon med andre brukarar av språket

Språk, kultur og samfunn

  • formidle opplevingar knytte til estetikk og kulturformer og analysere innhald og form i litteratur, film, musikk, kunst og andre kulturformer 

Læringsmål

  • eleven skal setje seg inn i ulike kunstartar i tyskspråklege land og deretter velje ein kunstnar som på ulike måtar har gjort inntrykk på eleven.
  • eleven skal trengje inn i dei tyske kjeldene og trekkje ut viktige moment som kan brukast til ein munnleg presentasjon av kunstnaren.
  • eleven skal bruke digital ferdigheit til å lage ein sjølvstendig, multimedial presentasjon av den valde kunstnaren.
  • eleven skal framføre presentasjonen på ein engasjert, fengjande måte med god intonasjon, slik at han eller ho fangar interessa til tilhøyrarane.
  • etter framføringa blir presentasjonane lagde i eit felles fagarkiv på læringsplattforma, slik at alle kan få glede av dei seinare og kan bruke dei til oppslag og repetisjon.

Ressursar

Internettsider

Forslag til målarar og bilethoggarar

Forslag til musikarar og komponistar

Forslag til forfattarar

Vedlegg

Førbuingar

  • Læraren må finne fram nokre gode nettadresser som elevane kan ta utgangspunkt i for å finne ein kunstnar som dei kan bli opptekne av.
  • Læraren må forklare korleis ein bruker slike kjelder, og kor viktig det er å arbeide sjølvstendig og ikkje skrive av.
  • Før prosjektet startar, må elevane tenkje gjennom kva kunstgrein dei vil satse på, og gjerne kva land dei vil konsentrere seg om.

Plan for opplegget

(2 timar) Introduksjon til kunst. Læraren går saman med elevane gjennom ulike kunstartar og ser på kva som er spesielt for dei ulike tyskspråklege landa. Læraren hjelper elevar som ikkje har nokon preferansar. I større grupper kan læraren sørgje for spreiing, slik at ikkje alle vel ein komponist eller alle ein målar, eller at berre eitt land er representert.

(1 time) Introduksjon av presentasjonsverktøy. PowerPoint kan brukast, men kvifor ikkje gi elevane eit verktøy med mange fleire val, og som taler meir til dei kreative evnene til elevane: Photo story – sjå under Ressursar.

(3 timar) Elevane fordjupar seg i kunstnaren og finn ut kva som er viktig å ta med i ein presentasjon på ti minutt. Produktet skal gjerast klart til presentasjon som heimelekse.

(2 timar) Elevane presenterer kunstnarar. Tidsbruken her er sjølvsagt avhengig av kor mange elevar det er, men det er viktig at elevane er instruerte om å bruke ti minutt på presentasjonen, for då fungerer presentasjonen òg som trening til munnleg eksamen.

Differensiering: Her kan læraren få tid til å hjelpe elevar på individuell basis, og både flinke og svakare elevar kan få spesiell hjelp i prosjektfasen.

Evaluering og vurdering

Vurdering for læring

  • Uformell vurdering 

    Læraren får gode høve til å sjå om elevane gjer språklege framskritt i prosjektperioden. Høve til oppmuntring og innstramming!
  • Formell vurdering

    Læraren set ein munnleg karakter på framføringa, gjerne kombinert med nokre ekstra kommentarar. Medelevar kan òg gi tilbakemelding (sjå vedlegg 12 og 3). 

Oppfølging

Det kan gjerne vere ei skriftleg oppfølging der elevane får skrive noko om éin eller fleire av kunstnarane som dei ikkje sjølve har fordjupa seg i.

Kommentarar

Som lærar ser ein nytten av å la elevane jobbe med noko dei sjølve har valt. Dei kastar seg over oppgåva på ein annan måte enn ved tildelte oppgåver. Dei får trening i å arbeide sjølvstendig og i å trekkje ut det viktige frå kjeldene. Dei må formulere seg på tysk på ein måte som er forståeleg og engasjerande, og dei får innblikk i moglegheitene som ligg i dei nyaste digitale verktøya, som kombinerer tale, musikk, bilete og rørsle. Kunst er ikkje eit eige fag i den vidaregåande skulen, og også derfor er det viktig at vi tek læreplanen på alvor og gir elevane eit innblikk i kunstverda innanfor tysk kultur. Her er det verkeleg mykje å ta av!

Idé og utarbeidelse

Kirkeparken vgs., © Fremmedspråksenteret

Publisert 11. feb. 2020 14:41 - Sist endret 5. feb. 2021 07:50