Årbok

Ramma for denne filmen er mappeskriving i form av ei årbok. Elevane samlar på alle tekstane dei skriv, og på slutten av skuleåret lagar kvar elev ei årbok med dei redigerte og ferdige tekstane sine. Årboka gjev eit tydeleg innblikk i den skriftlege produksjonen eleven har hatt, og kva som har vore tema undervegs i undervisninga.

Fremmedspråk og engelsk - Årbok from Fremmedspråksenteret on Vimeo.

  • Lærar: Hans Erik Bugge
  • Skole: Stavanger katedralskole
  • Lengde: 13.03 min
  • Last ned infoark

I filmen får vi sjå at elevane skriv ein tekst som skal vere med i årboka. Temaet er julefeiring, og eit av dei grammatiske elementa elevane skal leggje vekt på i skrivearbeidet, er bruken av preteritumsformene indefinido og imperfecto (aspekt).

Skriveøkta byrjar med at elevane lagar ein ordbank med gloser knytte til temaet. Ordbanken gjer det lettare for elevane å kome i gang med skrivinga og gjev dei eit felles ordtilfang i temaet. Elevane skriv eit førsteutkast av teksten. Undervegs går læraren rundt blant elevane og fungerer som rettleiar. Etter skrivinga sit elevane to og to og gjev kvarandre respons på tekstane dei har skrive. Responsen dreier seg først og fremst om å sjå etter om preteritumsformene er riktig brukte, sjå på ordtilfanget og elles gje attendemeldingar på teksten som heilskap til responspartnaren.

Etter at elevane har fått litt tid til å rette opp tekstane sine, byter dei partnarar og les tekstane høgt for kvarandre. På denne måten får elevane nye tilhøyrarar til tekstane sine, dei får gått gjennom teksten dei har skrive, endå ein gong, og dei får øving i uttale.

I neste runde er det læraren som skal gje respons på teksten før elevane lagar det endelege utkastet og lagrar teksten i årbokmappa si.

Mange av elevane har laga  illustrasjonar til dei ferdige  tekstane slik at årboka skal  bli ekstra fin å sjå i. Nettopp  dette at årboka skal vere  forseggjord, gjer også at  elevane vert stolte av arbeidet  sitt, noko som motiverer til  vidare innsats.

Oppsummeringa av  skriveøkta dreier seg om  det grammatikalske fokuset  for skriveøkta. Når gjekk  det greitt å bruke dei to  preteritumsformene, og når  var det vanskeleg å skjøne om  ein skulle bruke indefinido eller  imperfecto?

Spørsmål til diskusjon

  • Kva er skilnaden på å lage ei  årbok og på meir tradisjonell  mappebruk?
  • Korleis kan ein få til  systematikk og progresjon i  skrivinga på målspråket?
  • Korleis kan innlæring av  grammatikk koplast med  skriving?

Ressursar

  • Den europeiske språkpermen
  • Michaelsen, Eva og  Randi O. Johansen (2007): Mappevurdering – håndbok for  læreren. Universitetsforlaget
  • Karlsen, Asgjerd Vea og  Tor Arne Wølner (2006): Den femte grunnleggende  ferdighet. Portefølje og digitale  mapper – et sted for læring. Gyldendal Akademisk
Publisert 31. jan. 2020 12:31 - Sist endret 31. jan. 2020 12:34