Setningskomposisjon

Elevane jobbar med ordstilling ved å lage setningar med plakatar som dei held opp.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane blir delte inn i grupper. Kvar gruppe bestemmer seg for ei setning som illustrerer ein ordstillingsregel på framandspråket, til dømes plasseringa av adjektiv i ei stadfestande setning eller verb i eit spørsmål.
  • Kvart setningsledd blir skrive ned på ein plakat med stor og feit skrift.
  • Etterpå samlar læraren inn arka med ledd som utgjer ei setning, og deler dei ut til ei av dei andre gruppene. Kvar gruppe får beskjed om å lage setninga ved å stille seg i rett rekkjefølgje med ansiktet og arket mot resten av klassen.
  • Elevane blir utfordra til å fortelje kva for eit setningsledd dei er, og forklare kvifor dei står der dei står (ordstilling).

Tilpassing:

Det går an å jobbe meir med grammatikk ved å byte ut eller leggje til elevar/plakatar (setningsledd), slik at setninga endrar tid, kjønn eller tal. Klassen kan bli utfordra til å diskutere kva endringane gjer med resten av setninga.

Publisert 29. jan. 2020 14:42 - Sist endret 14. des. 2020 08:32