Info - hendene

Dette er ein bli-kjend-aktivitet der elevane trener på spørsmål og svar.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Kvar elev får eit A4-ark av læraren.
  • Elevane får i oppdrag å teikne handa si på arket.
  • På kvar finger skriv elevane eit ord eller eit tal som er svaret på eit spørsmål om dei sjølve.
  • Læraren viser illustrasjonen ovanfor til klassen og går gjennom døme på spørsmål dei kan stille kvarandre. Talet tre på langfingeren kan til dømes vere svaret på spørsmål som «Kor mange søsken har du?», «Kor ofte trener du?» og «Kor mange språk snakkar du?».
  • Elevane går rundt i klasserommet med arket sitt og finn ein partnar.
  • Elevane stiller kvarandre spørsmål heilt til dei får eit av svara som medeleven har skrive ned på handa si. Dei skal svare på alle spørsmåla med heile setningar.
  • Når begge elevane har stilt eit spørsmål som passar med eit av svara på handa til medeleven, byter dei partnar.
  • Etter ei stund avsluttar læraren aktiviteten, og elevane fortel i plenum kva dei har lært om kvarandre. Dei skal fortelje på målspråket.

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 29. jan. 2020 14:34 - Sist endret 11. jan. 2021 10:57