Gramatikkgalleri

Med grammatikkplakatar i klasserommet kan ein byggje opp ein felles visuell minigrammatikk etter kvart som ein jobbar med ulike strukturelle emne.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • To elevar blir peikte ut til å lage ein oversiktsplakat (A3-format) over det som for tida er i fokus i grammatikkopplæringa. Oppgåva med å lage plakat rullerer.
  • Heng plakatane i klasserommet etter kvart som dei blir ferdige. Slik vil elevane vere omgitt av systemet i språket når dei er i klasserommet, og dei kan alltid kaste eit blikk på dei for å friske opp reglane når dei jobbar med oppgåvene. I tillegg kan læraren vise direkte til tidlegare emne utan å måtte appellere berre til minnet til elevane, gå omvegen om læreboka/regelheftet eller skrive systemprinsippa heilt på nytt på tavla.

Noen av tipsene du finner under Innlæring av ord og grammatikk er samlet i et eget hefte.
Heftet inneholder et utdrag av tipsene på nettsiden. 
Ønsker du å motta heftet? Send en bestilling til info@fremmedspraksenteret.no

Publisert 28. jan. 2020 13:15 - Sist endret 11. jan. 2021 10:55