Jeopardy

Elevane repeterer vokabular gjennom ein omvend vokabularquiz. Elevane får ein definisjon og skal gjette kva for eit ord det er snakk om.

Tidsbruk

30–45 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren fordeler klassen i grupper på tre–fire elevar.

  • Kvar gruppe vel ein kategori, til dømes aktivitetar, transport, vêrmelding eller stader.

  • Dei vel fem ord som høyrer til kategorien, og skriv ned ei setning som forklarer kvart av orda. Deretter rangerer dei orda frå enklast til vanskelegast.

  • Læraren samlar inn arbeidet til elevane og kan anten kopiere tabellen ovanfor på tavla eller skrive spørsmåla inn i det digitale verktøyet Jeopardylabs.

  • No begynner spelet. Gruppene vel ein kategori og ein poengsum. Kvar gruppe kan berre få eitt spørsmål om gongen. Gruppene kan ikkje velje ruter i den kategorien dei har laga sjølve.

  • Når alle rutene er brukte, tel gruppene opp poenga sine, og det blir kåra ein vinnar.

Tilpasning

Elevane blir delte inn i grupper etter nivå. Elevane lagar kvar sin quiz og testar kvarandre.

Publisert 28. jan. 2020 09:31 - Sist endret 15. des. 2020 14:30