Vokabularkast

Ein terningkastaktivitet for å repetere ord og uttrykk knytte til eit bestemt tema på forskjellige måtar og setje dei inn i ein samanheng.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Klassen og læraren vel eit tema og skriv ei liste med ord knytte til temaet på tavla.
  • Elevane går saman i grupper. Kvar gruppe får utdelt ein terning, penn og papir.
  • Ein av elevane i gruppa vel først eit av orda på tavla og skriv det ned, utan å vise det til resten av gruppa. Eleven kastar deretter terningen. Kva for ei oppgåve han eller ho skal løyse med det valde ordet, er avhengig av kva for eit tal terningen viser. Dei andre elevane skal prøve å gjette kva for eit ord det er snakk om.

Terningen viser éin: Beskriv ordet utan å bruke det.
Terningen viser to: Teikn ordet.
Terningen viser tre: Finn synonym eller sei kva du kan gjere med det ordet beskriv.
Terningen viser fire: Nemn det du assosierer med ordet.
Terningen viser fem: Mim ordet.
Terningen viser seks: Finn antonym eller sei kva du ikkje kan gjere med det ordet beskriv.

Tilpassing

Leiken kan spelast med og utan poeng. Kvart rette svar kan til dømes gi eitt poeng.

Høgare nivå

  • Læraren kan òg lage to lister med tematiske ord. Dersom ein vel blant dei meir utfordrande glosene, får ein to poeng per rett svar.
Publisert 28. jan. 2020 10:28 - Sist endret 15. des. 2020 14:29