Våre ti nøkkelord

Denne førlesingsaktiviteten utfordrar elevane til å hente fram førkunnskapane sine og utarbeide eit felles ordforråd knytt til eit tema. Gruppene må bli einige om dei ti nøkkelorda som dei meiner er dei viktigaste.

Tidsbruk

10-15 minutter

Du trenger

Forslag til gjennomføring

  • Læraren deler elevane inn i grupper på fire. Kvar gruppe får eit A3-ark som dei skal dele inn slik illustrasjonen ovanfor viser. Elevane legg arket mellom seg og får tildelt kvart sitt av dei ytste felta.
  • Læraren vel ut ein tekst, song eller video og informerer klassen om temaet, til dømes ei vegbeskriving.
  • Først jobbar elevane kvar for seg. Dei finn ord og uttrykk som dei sjølve meiner er viktige for å kunne kommunisere om temaet. Dei må gjerne bruke læreboka eller ordbok. Elevane skriv orda ned i sitt eige felt på arket.
  • Deretter skal elevane bli einige om dei ti nøkkelorda som dei trur vil dukke opp i teksten læraren har valt.
  • Dei skriv orda dei er einige om, i midten.
  • Læraren ber gruppene om å presentere dei ti nøkkelorda dei har valt.
  • Læraren les eller speler av teksten, og elevane kryssar av nøkkelorda dersom dei blir nemnde.
  • Gruppa som hadde flest nøkkelord til felles med teksten, vinn.
  • Tips! Aktiviteten kan danne grunnlag for å lage en tematisk ordplakat

Tilpassing

  • Dei ti nøkkelorda kan brukast som utgangspunkt for ein felles diskusjon eller for å skrive ein tekst om temaet.
Publisert 27. jan. 2020 14:11 - Sist endret 15. des. 2020 14:31