Tida er ute

Med denne varianten av Alias får ein repetert temagloser på fire forskjellige måtar. Målet er å forklare og gjette flest mogleg gloser.

Tidsbruk:

30 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Klassen blir einig om eit tema, og kvar elev skriv ned fem forskjellige gloser innanfor temaet, eitt ord per lapp.
  • Elevane speler to mot to i grupper på fire eller seks. Dei samlar lappane sine i ein bunke. Det same ordet kan komme fleire gonger.
  • Første runde: Elev A trekkjer ein lapp frå bunken og prøver å forklare ordet utan å bruke det aktuelle ordet. Elev B skal gjette flest ord på eitt minutt. For kvart ord elev B gjettar rett, får han eller ho eit poeng og beheld lappen. Turen går vidare til neste par fram til bunken er tom. Elevane byter roller for kvar runde. Skriv ned poengsummen for runden.
  • Andre runde: Lappane blir samla i ein bunke igjen, og elevane gjentek prosedyren, men no får elev A berre seie eitt ord for å hjelpe elev B til å gjette rett ord.
  • Tredje runde: I denne runden skal elev A mime, syngje eller lage lydar for å få elev B på sporet av ordet.
  • Fjerde runde: Denne gongen skal elev A tipse elev B ved å stille seg opp i ein positur. Det er ikkje lov å lage lydar eller bevege seg.
  • Laget som har samla flest poeng etter dei fire rundane, vinn.
Publisert 10. des. 2020 16:25 - Sist endret 15. des. 2020 14:30