Teikn ordet

Elevane lagar teikningar av relevante ord og knyter ord og teikningar saman.

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Klassen og læraren vel eit tema og skriv ei liste med ord knytte til temaet på tavla. Det blir artigast dersom det er abstrakte ord eller ord som er vanskelege å teikne.
  • Kvar elev vel eit ord og lagar ei teikning av dette ordet. Han eller ho skriv òg ned ordet på ein annan lapp.
  • Læraren samlar inn teikningane og lappane med ord i to forskjellige bunkar og deler deretter ut éi teikning og éin lapp med eit ord til kvar elev.
  • Elevane går rundt i klassen og prøver å finne para.
  • Når alle teikningane og orda er sette saman i par, går klassen gjennom dei i fellesskap. Stemmer orda og teikningane overeins?

Tilpasning:

Læraren kan førebu ord som elevane skal finne betydninga til og illustrere/teikne.

Publisert 11. des. 2020 08:10 - Sist endret 15. des. 2020 14:37