Springediktat

Fram med joggeskoa, her skal det lærast nye ord! Elevane konkurrerer om å «flytte» ord frå den eine sida av klasserommet til den andre sida så raskt – og bra – som mogleg.

En elev løper fra en elev til en annen for å gjenfortelle en setning

Tidsbruk

10-15 minutt

Skritt for skritt

  • Læraren sørgjer for at det er godt om plass i klasserommet. Ho/han set òg saman ei liste med ti (nye) ord knytte til eit bestemt tema og kopierer opp lista.
  • Læraren deler klassen opp i grupper på tre elevar og forklarer aktiviteten.
  • Kvart lag vel kven som skal vere orakel, bodberar og skribent. Orakla stiller seg opp i den eine enden av klasserommet og får utdelt ein kopi av ordlista. Skribentane gjer seg klare i den andre enden av klasserommet, utrusta med notatblokk og noko å skrive med. Bodberarane til laga går bort til kvar sitt orakel.
  • Når læraren gir teikn, begynner konkurransen: Orakla kviskrar det første ordet i øyret til bodberaren, som må høyre godt etter, hugse ordet, springe bort til skribenten og seie ordet til skribenten.
  • Når skribenten har notert ordet, spring bodberaren tilbake til orakelet for å hente neste ord, osb. Når skribenten har notert alle orda, roper ho/han «LAG A – FERDIG». Læraren noterer tida til laget.
  • Når alle laga er klare, kan vinnaren kårast: Laga får eitt poeng for kvart ord som er rett skrive, og dei tre raskaste laga får høvesvis tre, to og eitt poeng i tempobonus.

Tilpasning

«Jobben» som bodberar eignar seg godt for fagleg sterke elevar, då bodberaren både må høyre godt etter, hugse og uttale ordet rett.

 

    Publisert 27. jan. 2020 13:48 - Sist endret 6. jan. 2021 08:16