Reknerally

Elevene bruker ulike tall og regnearter for å komme fram til et bestemt tall.

En gutt står med ryggen til en tavle hvor det står skrevet tall

Tidsbruk

5 - 10 minutt

Du treng

Store ark, bilete

Forslag til gjennomføring

  • Læraren ber elevane om å foreslå seks tal. Alt etter nivået kan dette vere tal mellom 0 og 10 eller mellom 0 og 100. Desse tala skriv læraren stort og tydeleg på tavla.
  • Læraren skriv endå eit tal på tavla. Dette er måltalet.
  • Konkurransen startar. Elevane bruker tala til å addere, subtrahere, multiplisere og dividere seg fram til måltalet. Det er ikkje lov å bruke andre tal enn dei som står på tavla. Same talet må ikkje brukast fleire gonger, men ikkje alle tal treng å gå inn i reknestykket.
  • Eleven som har komme fram til resultatet først, roper STOPP! og forklarer reknestykket for resten av klassen.
  • Heile øvinga går sjølvsagt for seg på målspråket.
Publisert 27. jan. 2020 16:09 - Sist endret 6. jan. 2021 08:45