Ordterninger

Elevane kastar terningar for å bestemme kva for eit ord dei skal omsetje.

blå bakgrunn bak en tabell med ord og to terninger i forgrunnen

Tidsbruk

15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Klassen lagar i fellesskap eit rutenett med seks gonger seks ruter utfylt med norske ord, gjerne i bestemt og ubestemt form. Læraren kjem med forslag til viktige ord, og elevane lagar kvar sin kopi. Elevane kan gjerne fylle inn eigne ord, så lenge desse er kjende for alle.
  • Elevane speler mot kvarandre i par, og kvart par får utdelt to terningar. Elev A begynner med å kaste terningane. Éin terning bestemmer den vertikale aksen, og éin terning bestemmer den horisontale aksen. Eleven skal, utan hjelpemiddel, skrive ned ordet på målspråket i ruta som terningane har bestemt. Dersom svaret er rett, er ruta teken. Dersom svaret er feil, er ruta framleis open.
  • Når elev A er ferdig, er det elev B sin tur. • Eleven som har flest rette ord etter til dømes ti minutt, har vunne.
Publisert 28. jan. 2020 10:25 - Sist endret 15. des. 2020 14:28