Ordkjeda

Elevane får utdelt store ark med eit bilete og eit ord. Men bileta og orda høyrer ikkje saman, og elevane må gå rundt i klasserommet for å finne biletet som passar til ordet.

Tre personer står ved siden av hverandre og holder lapper med tekst og bilde

Tidsbruk

5 til 10 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren førebur eit A3-ark til kvar elev. Det skal vere eit bilete og eit ord på kvart ark. Sørg for at bilete nr. 1 står på det første arket og det tilhøyrande ordet på ark nr. 2, osb. Ordet som høyrer saman med biletet på det siste arket, står på ark nr. 1.
  • Kvar elev får eit ark og går rundt i klassen for å finne biletet som passar saman med ordet på arket. Når kvar elev har funne sitt ord, har det oppstått ei levande ordkjede.
  • Aktiviteten kan avsluttast med at kvar elev seier sitt ord høgt på målspråket og på norsk.
  • Ordkjeda kan òg gjennomførast i små grupper. Læraren lagar lappar i staden for ark, og kvar gruppe får utdelt eit sett lappar. Desse må setjast saman til ei ordkjede.

Eksempel på utfylt ark med transparente ord på spansk (pdf)

Publisert 28. jan. 2020 10:41 - Sist endret 29. mars 2021 12:01