Ordkategorier

Dette er ein førlesingsaktivitet som eignar seg godt til å introdusere eit nytt tema. Elevane finn ut kva utvalde ord i ein tekst betyr, og deler orda inn i kategoriar.

blå bakgrunn og seks lapper med ett ord på hver lapp

Tidsbruk:

15-30 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren vel ein song, ei lydfil eller ein video og plukkar ut enkeltord, uttrykk eller frasar frå teksten som han eller ho viser på tavla.
  • Elevane jobbar i par. Dei skriv orda frå tavla på lappar (eitt ord per lapp) og samlar dei i ein bunke.
  • Elevane byter på å trekkje ein lapp og lese ordet høgt. Dersom begge elevane kjenner ordet frå før, skriv dei initialane sine på lappen og legg lappen i ein bunke. Ukjende ord eller ord som berre éin av elevane kjenner frå før, skal leggjast i ein annan bunke.
  • Elevane går gjennom denne bunken saman, gjerne med hjelp av ordbok.
  • Når elevane har kontroll på alle orda, spreier dei lappane frå begge bunkane ut på bordet og deler dei inn i minst to, men gjerne fleire, kategoriar. Elevane står fritt til å bestemme kva slags kategoriar dei vil bruke.
  • Læraren ber kvar gruppe fortelje kort kva slags kategoriar dei har valt – og kvifor. Dette kan skje på norsk.
  • Til slutt deler læraren ut teksten eller viser han på skjermen, og klassen kan begynne å jobbe med han.

Eksempel for spansk

 

    Publisert 27. jan. 2020 13:46 - Sist endret 22. mars 2021 11:12