Ord- og biletmemory

I dette memoryspillet matcher elevene bildekort med passende ord (eller uttrykk).

hvite lapper på brun bakgrunn, en lapp har tegning av et øye, en lapp har skriften øye

Tidsbruk

10-15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren førebur memorykort (sjå illustrasjonen). Kvart kortpar består av eit bilete og eit ord (eller uttrykk). Elevane skal jobbe i grupper, og du treng like mange sett memorykort som det er grupper.
  • Læraren lagar ein fasit som viser kva bilete og ord som høyrer saman. Fasiten skal hengjast opp på tavla, eventuelt fleire stader i klasserommet. Elevane går fram til tavla og får to minutt til å memorere så mange kortpar som dei klarer.
  • Elevane arbeider i grupper på tre eller fire. Kvar gruppe får utdelt eit komplett sett kort. Dei legg korta på bordet med den blanke sida opp, bilet- og ordkorta kvar for seg.
  • Elevane speler etter tur, dei snur heile tida eitt biletkort og eitt ordkort. Eleven seier kva som står på biletkortet. Dersom eleven ikkje hugsar ordet, kan ho/han få hjelp av dei andre eller sjekke fasiten på tavla.
  • Når ein spelar får to matchande memorykort, legg ho/han desse til side og snur to nye kort. Dersom korta ikkje matchar, må dei leggjast tilbake på nøyaktig same plass. Turen går så vidare til neste spelar.
  • Spelet er over når det ikkje er kort igjen på bordet. Eleven som har samla flest kortpar, kan kårast til klassens memorymeister.
Publisert 27. jan. 2020 13:53 - Sist endret 29. mars 2021 12:05