Lytt etter ordet ditt

Ei lytteøving basert på tekst, song eller video som kan brukast for å førebu eller repetere viktige ord.

en elev leser står og leser en tekst, en annen står og en annen sitter

Tidsbruk

15–30 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren vel ein passande tekst på målspråket, plukkar ut viktige ord frå teksten og skriv dei opp på tavla. Teksten kan vere kjend eller ukjend, og han kan vere frå læreboka eller andre kjelder, til dømes frå ein song eller ein video.
  • Elevane vel eitt av orda frå tavla og skriv det ned, utan å fortelje det til nokon andre.
  • Læraren les opp teksten, og når eit av orda på tavla blir lese opp, skal eleven som har skrive det, reise seg opp.
  • Fleire elevar kan ha valt det same ordet. I så fall er det om å gjere å reise seg først opp.
  • Det same ordet kan dukke opp fleire gonger i teksten, derfor er det viktig å vere parat heilt til læraren har lese gjennom heile teksten.

Tilpassing:

Leiken kan òg gjennomførast med fleire enn eitt ord per elev, og læraren kan fordele orda til elevane for å skape spennande duellar.

Læraren kan òg forberede lappar med relevante ord eller uttrykk frå tekst/lyttetekst/sang for å forsikre seg om at dei utvalde orda/uttrykka blir jevnt fordelt.

 

Publisert 27. jan. 2020 13:51 - Sist endret 8. jan. 2021 13:35