Spørreloop

Ei temabasert skrive-, lytte- og uttaleøving der spørsmålskort og svarkort er blanda og fordelte rundt om i klassen.

Tidsbruk

30 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Elevane i klassen lagar kvart sitt spørsmål med svar basert på bestemte ord eller tema. Dei skriv spørsmålet på éin lapp og svaret på ein annan lapp.
  • Læraren samlar inn lappane og sjekkar at det er gode spørsmål med logiske svar. Deretter legg han eller ho spørsmålskorta og svarkorta i kvar sin bunke.
  • Læraren deler ut eitt spørsmålskort og eitt svarkort til kvar elev. Obs! Same elev kan ikkje ha svaret på spørsmålet sitt!
  • Ein av elevane begynner med å stille spørsmålet på kortet til resten av klassen. Dei andre elevane må følgje godt med. Den av elevane som har det rette svaret på lappen sin, seier frå og les svaret høgt. Deretter held han eller ho fram og stiller spørsmålet på sitt kort til klassen.
  • Hald fram slik til elevane har svart på alle spørsmåla.

Tilpasning

For å sikre at loopen blir fullstendig gjennomført kan du bruke malen og tilpasse antall spørsmål til gruppa di. 

MAL (pdf)

Publisert 28. jan. 2020 09:10 - Sist endret 15. des. 2020 14:35