Kvifor seier seljaren "NEI"?

Ein innkjøpsaktivitet med ein vri: Elevane skal handle varer, men ut frå visse kriterium vil dei få NEI frå forhandlaren. Målet med aktiviteten er å ta i bruk omgrep og finne ut kvifor ein ikkje får handle visse varer.

Tidsbruk

10 - 15 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren er forhandlar på marknaden og styrer aktiviteten. Ho/han bestemmer kriteria på førehand, til dømes at ein ikkje får handle varer med ein bestemt farge (t.d. alt som er gult), av ein bestemt kategori (t.d. frukt) eller som inneheld visse bokstavar (t.d. i og/eller o).
  • Elevane er kundar og spør etter tur forhandlaren om ulike varer.
  • Læraren svarer
    • bekreftande om vara oppfyller kriteria
    • avkreftande om vara ikkje oppfyller kriteria.
  • Aktiviteten er over idet nokon finn ut kvifor dei ikkje får handle visse varer.
Publisert 27. jan. 2020 15:42 - Sist endret 6. jan. 2021 08:13