Kven, kva eller kvar er eg? / Hvem, hva eller hvor er jeg?

Elevane beskriv ein person, eit dyr, ein gjenstand eller ein stad. Dei andre elevane skal gjette kven, kva eller kvar det er snakk om.

Jente med tankeboble over hodet som viser en løve

Tidsbruk

15 - 20 minutter

Forslag til gjennomføring

  • Elevane vel ein person, eit dyr, ein gjenstand eller ein stad som er knytt til eit bestemt tema. Dei skriv ei kort skildring av personen, dyret, gjenstanden eller staden på eit ark utan å bruke det bestemte ordet. Dei første setningane bør ikkje røpe for mykje. Nedst på arket skriv dei fasiten.
  • Læraren samlar inn alle tekstane og les dei høgt. For kvar tekst skriv elevane ned ordet dei trur teksten omtaler, på eit ark.
  • Til slutt avslører læraren det rette svaret, og elevane som har gjetta rett, får eitt poeng. Dei viser svara sine til resten av klassen.
  • Vinnaren blir kåra når alle tekstane er lesne opp.

Tilpassing

Aktiviteten kan med fordel gjennomførast i mindre grupper der ein av elevane har rolla som opplesar. Fagleg sterke elevar kan i så fall plasserast i same gruppe og få ei meir avansert oppgåve. Dei kan til dømes beskrive noko abstrakt, ein historisk person eller ei oppfinning.

Publisert 27. jan. 2020 16:07 - Sist endret 10. des. 2020 15:47