Hangman

Hangman er eit kjent hjernetrimspel som fungerer både i par og i større grupper. Éin elev tenkjer på eit bestemt ord, dei andre elevane foreslår bokstavar.

gutt skriver på tavle

Tidsbruk

5 - 10 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Læraren vel ein elev. Eleven bestemmer seg for eit ord, kjem fram og teiknar like mange ruter på tavla som det er bokstavar i ordet.
  • Dei andre elevane foreslår bokstavar: Dersom bokstaven er med i ordet, blir bokstaven fylt ut i den rette ruta / dei rette rutene. Dersom bokstaven ikkje er med, kan første del av «galgen» teiknast på tavla. Klassen har ti sjansar sidan galgen og mannen til saman består av ti strekar.
  • Spelet er over når klassen har gjetta ordet, eller når mannen heng i galgen.

Tips: Du finn ulike digitale hangmanvariantar på nettet. Dersom ein heller vil ha ein litt mindre makaber variant av hangman, kan ein erstatte galgen med ein katt som har ti liv, ein blomster med ti kronblad eller anna.

Tilpasning

Hangman kan òg spelast i par. Dersom ein plasserer dei fagleg sterke elevane saman i ei gruppe, kan dei teste ordkunnskapane til kvarandre på eit høgare nivå.

Publisert 27. jan. 2020 15:48 - Sist endret 6. jan. 2021 08:06